Pris for nynorskversjon av Grunnlova

No image

(3.6.15) Graver-nemnda, som står bak den offisielle nynorskversjonen av Grunnlova, fekk i dag utdelt målprisen frå Juristmållaget for arbeidet sitt.

Prisen blei delt ut under ei tilstelling på Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Medlemmene av nemnda:

  • Professor og dekan Hans Petter Graver, juridisk fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
  • Førsteamanuensis (no professor) Eirik Holmøyvik, juridisk fakultet, Universitetet i Bergen
  • Rådgjevar Øystein Baardsgaard, Språkrådet (no seniorrådgjevar, Kulturdepartementet)
  • Rådgjevar Bård Eskeland, Språkrådet
  • Spesialrådgjevar Kyrre Grimstad, Stortingets administrasjon (no lagdommar, Borgarting lagmannsrett)

Les meir om prisen og tildelinga

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter