Ledig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i Språkrådet

(1.9.15) Ein av rådgjevarane i seksjonen for skole og offentleg forvaltning skal i permisjon, og vi søkjer difor ein person som kan vikariere som rådgjevar eller seniorrådgjevar ut mai 2017. Vi ønskjer å tilsetje vikaren snarast råd.

Rådgjevaren vil ha som hovudoppgåver å

  • utvikle og halde nynorskkurs for statsorgan
  • bidra til å utvikle e-læringsprogram i nynorsk
  • arbeide med saker på skolefeltet

Rådgjevaren skal vidare samarbeide med andre i seksjonen for skole og offentleg forvaltning om tiltak som fremjar god målbruk.  

Kvalifikasjonskrav: Du må ha høgare utdanning med mastergrad eller tilsvarande, med eit språkfag i fagkrinsen. Stillinga krev solid kompetanse i begge målformer. Du bør ha pedagogisk røynsle, og det er viktig at du har gode formidlingsevner. Det er vidare ønskeleg at du har kjennskap til skulesektoren og statleg forvaltning. Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel. Den som blir tilsett, må vere initiativrik og ha evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.

Lønn som rådgjevar, stillingskode 1434, 475 000–519 800 kroner i året (lønnstrinn 56–61). Det kan vurderast å tilsetja som seniorrådgjevar i stillingskode 1364, 529 800–602 800 kroner i året (lønnstrinn 62–69).

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Kristin Solbjør, telefon 22 54 19 66, mobil 977 69 814.

Send søknad elektronisk via Webcruiter seinast 15. september 2015.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter