Handbok i nabospråkundervisning

No image

(14.10.15) Den fjerde utgivinga i Språkrådets skriftserie tar for seg undervisning i nabospråk. Handboka er laga med feste i læreplanen i norsk, og målgruppa er norsklærarar på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Boka byr på både fagartiklar og undervisningsopplegg.

Handbok i nabospråkundervisning

Det er Språkrådets fagråd for skule og offentleg forvaltning som tok initiativ til boka, som ei oppfølging av ei spørjeundersøking Språkrådet gjennomførte i 2010 blant norsklærarar i ungdomsskulen og i videregående skule: «Norsklæreres holdninger til eget fag». Undersøkinga viste mellom anna at norsklærarane ser på nabospråkundervisninga som mindre eller lite viktig, men også at dei manglar kompetanse på dette fagområdet.

Dette ønsker vi å bøte på med denne utgivinga, som du kan laste ned her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter