Vil ha avklaring om Bokmålsordboka og Nynorskordboka

(30.10.14) Språkrådet er uroleg for framtida for nettutgåvene av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. I eit brev til Universitetet i Oslo (UiO) spør Språkrådet om kor lenge ordbøkene vil vere tilgjengelege for brukarane, og i kva grad innhaldet vil bli oppdatert.

Det er fleire titals millionar søk i året i desse standardordbøkene, og dei er såleis dei suverent viktigaste kjeldene til offisiell informasjon om korleis norske ord skal skrivast, korleis dei kan brukast, og kva dei tyder. Språkrådet viser til at UiO har sagt ifrå seg ansvaret for dei norske språksamlingane, og spør korleis universitetet vil arbeide vidare med ordbøkene.

«Dei siste åra har heilt nødvendige oppdateringar blitt gjorde hovudsakleg gjennom finansiering frå Språkrådet. Vi er no i den situasjonen at dette oppdateringsarbeidet ikkje kan vidareførast som kortsiktige løysingar», skriv Språkrådet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter