Velkommen til Nysgjerrigperkonferansen 2014

(3.11.14) Bli med på Nysgjerrigperkonferansen og få ei innføring i Nysgjerrigpermetoden som skal stimulere til forsking på barnetrinnet. Konferansen er for lærarar i barneskulen og går av stabelen den 14. november i Oslo. Kanskje klassen din vinn Nysgjerrigpers språkpris?

Forskingsrådet deler kvart år ut prisen Årets Nysgjerrigper, og har du slike ambisjonar for elevane dine, bør du ta deg tid til å bli med på denne konferansen. Tema denne dagen vil vere vitskapeleg metode, praktisk bruk av metoden, metodens plass i framtidas skule og forsking på elevars bruk av metoden.

Vinnarane av Årets Nysgjerrigper vil òg fortelje om erfaringane sine.

Frist for påmelding: 7. november

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter