Ledig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i Språkrådet (søknadsfristen er ute)

(10.1.14) Ein av rådgjevarane i seksjonen for skole og offentleg forvaltning skal i permisjon, og vi søkjer difor ein som kan vikariere som rådgjevar (eller seniorrådgjevar) ut året 2014. Vi ønskjer å tilsetje vikaren snarast råd.

 Rådgjevaren vil ha som primæroppgåve å føre tilsyn med korleis statlege etatar følgjer opp arbeidet med å bruke begge målformer i offentleg teneste. Hovudarbeidsoppgåvene er

  • å behandle rapportar om målbruk frå statsorgan
  • å behandle klagesaker etter mållova
  • å gje råd om korleis statsorgan kan oppnå ei jamn fordeling mellom nynorsk og bokmål i tekstane sine
  • å svare på spørsmål frå publikum om reglane i mållova
  • å samle inn og systematisere kunnskap om målbruk i offentleg teneste

Rådgjevaren skal vidare samarbeide med andre i seksjonen for skole og offentleg forvaltning om tiltak som fremjar god målbruk, og etter behov delta i kursverksemd. Det kan òg vere aktuelt med rådgjeving på skolefeltet.

Kvalifikasjonskrav: Du må ha høgare utdanning med mastergrad eller liknande i eit språkfag. Du bør ha erfaring med offentleg saksbehandling og informasjonsarbeid. Stillinga krev solid norskfagleg kompetanse i begge målformer. Det er ein fordel med erfaring med elektroniske verktøy for datainnsamling. Det er òg ein fordel med erfaring frå skolefeltet.

Lønsspenn kr 465 300 – 518 500 i året som rådgjevar eller 490 600 – 558 600 i året som seniorrådgjevar. Nærare opplysningar om stillinga får du av direktør Arnfinn Muruvik Vonen, tlf. 986 25 617.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter