Velkomen til konferanse om norskfaget

(15.8.13) «Norskfaget i endring?» er overskrifta for konferansen Språkrådet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Utdanningsforbundet arrangerer i Oslo 23. og 24. september. Lærarar og andre interesserte er velkomne til å melde seg på.

For norskfaget er 2013 på mange måtar eit merkeår. Læreplanen for faget har vore gjennom ei omfattande høyring og har vorte revidert. Korleis ser framtida for faget ut? Det er også Aasen-jubileum, språkår og stemmerettsjubileum i år.

Sjå programmet og nærare omtale av konferansen.

Påmelding på www.utdanningsforbundet.no eller per e-post til kurs@udf.no innan 2. september. Det er ei konferanseavgift på 2000 kroner.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter