Språkprisen 2012: Hjarteleg til lykke, Marta Norheim og Erik Tunstad!

(13.11.12) – Den som skal få Språkprisen, må skrive mykje og lenge og godt og klokt. Helst også rett, og ikkje overlate all den moroa til dei som dei beste språkbrukarane alltid har noko å lære av – språkvaskarane, språkrettarane, korrekturlesarane, seier Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet. 

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Pristale ved styreleiar Ottar Grepstad på Språkdagen 13. november 2012

I seg sjølv kvalifiserer diverre ikkje det til nokon pris. Det er også mykje anna ein kan gjere som nok må seiast å vere prisverdig, men som ikkje er verd nokon pris. Ein kan perfeksjonere seg i å bake flatbrød av deig som er laga dagen før, bli forelder eller rote seg bort i jungelen på jakt etter insekt. Det går også an å samle på whiskey med e sjølv om whisky utan e er betre, reise på Roskildefestivalen støtt og stadig, snakke mykje i radio, plage omverda med kviss, skipe ei foreining for skeptikarar – her talar vi nok om folk som er så sikre i si sak at dei knapt kan reknast som skeptikarar lenger, ein kan samle på bøker og på plater, eller ein kan lese Darwin på senga – kva no han har der å gjere.

Alt dette kan ein gjere, men det hjelper ikkje, for ikkje noko av dette handlar om å skrive. Den som skal få Språkprisen, må skrive, ikkje berre bittelitt, men mykje og lenge og godt og klokt. Helst også rett, og ikkje overlate all den moroa til dei som dei beste språkbrukarane alltid har noko å lære av – språkvaskarane, språkrettarane, korrekturlesarane. 

Språkrådet ønskjer å vere der språkbrukarane er, anten dei no held seg i Noreg eller søkjer mot enden av verda for å finne ut kor nøye det er med språket. Kvart år gir vi våre språkråd både ut til mange tusen i deira kvardagar og innover til dei mange i forvaltninga og til våre politisk overordna. Kva som er god språkbruk, markerer vi først og fremst ved å framheve dei beste og heidre dei med Språkprisen.

Norsk språkråd delte i åra 1992–2003 ut Norsk språkpris til ti sakprosaforfattarar, skiftevis til bokmåls- og nynorskbrukarar. Etter omorganiseringa tok styret  i 2007 opp att tradisjonen, no med Språkprisen. Som ein konsekvens av at Noreg er eit land med ein språkdelt kultur og to offisielle, riksdekkjande norske språk, deler vi no årleg ut prisen til ein bokmåls- og ein nynorskforfattar. Til no har ni forfattarar fått Språkprisen.

Kvar vår lyser vi ut prisen, og det står alle fritt å kome med forslag. Ein jury oppnemnd av styret gjer dei vanskelege vurderingane og vala, og styret tek med stor glede innstillinga til vitende. Juryen har altså siste ordet og skal finne fram til prisvinnarar som står for «framifrå bruk av norsk i sakprosa». Kandidatar til prisen kan kome frå alle sentrale samfunnsområde, prisen kan gå til ein person eller til ei gruppe, og den kan givast for eit enkeltverk eller ein større produksjon frå dei siste fem åra.

Lektor og forfattar Ove Eide har vore juryleiar også i år. Med seg har han hatt forfattar og kritikar Espen Søbye, journalist Tiril Rem og førsteamanuensis Karianne Skovholt. Grundig og samvitsfullt har dei lese, tenkt og konkludert. Det har dei gjort på ryddig vis. Éin jurymedlem sa seg difor ugild ved valet av prisvinnaren for bokmål.

Prisvinnarane får eit diplom høveleg som veggpryd, eit grafisk blad av Kjell Nupen som kan få følgjer for innreiinga av sjølv enkle forfattarheimar, og dei får 50 000 skattefrie kroner. Grunngivinga frå juryen varer lenger enn pengane. Den korte grunngivinga seier noko viktig til kvar prisvinnar om kva Språkrådet meiner særkjenner deira innsats for å utvikle norsk sakprosa vidare.

Juryen seier det slik:

«Eit fellestrekk ved vinnarane av Språkprisen 2012 er at dei begge formidlar omfattande fagstoff til ei brei ålmente. Begge har gjennom bøkene sine vist at dei både kan trekkje opp lange linjer og stogge ved karakteristiske detaljar som kastar lys over heilskapar. Dei er begge lesarorienterte og engasjerte – og engasjerande. Dei to kjem frå kvar sine fagfelt: den eine frå litteraturvitskap og humanistiske fag, den andre frå naturvitskap og forskingsjournalistikk. Begge er viktige stemmer i det norske sakprosalandskapet.

Vinneren av bokmålsprisen er biolog og har i mange år arbeidet med formidling av naturvitenskapelige emner, både i artikkel- og bokform. Han er en stor forteller, tydelig til stede i sin egen tekst, han er saklig og subjektiv, viser både faglig tyngde og populærvitenskapelig begeistring. På forbilledlig vis lykkes han i å formidle omfattende vitenskapstradisjoner til norsk offentlighet, i en form som kan engasjere også lesere uten naturvitenskapelig bakgrunn. Prisvinneren har sans for karakteristiske detaljer, og for formuleringer som åpner for skrå blikk på seriøse tema. Språket er ledig og variert, med opplysende metaforer og innslag av muntlig stil – midt i det strengt faglige. Han går heller ikke av veien for klingende bokstavrim og overraskende sammenstillinger.

Forfatteren skriver et sted om Darwins Artenes opprinnelse at boka «er lettlest, uten altfor mange tekniske termer (…) formulert i et hverdagslig språk». Det samme kan sies om hans egne tekster. Språkprisen 2012 for fremragende bruk av bokmål går til Erik Tunstad for bøkene Darwins teori. Evolusjon gjennom 400 år (2009) og Juks. Hvordan forskere svindler – og hvorfor det ikke er så farlig … (2011) og for en omfattende forskningsjournalistisk produksjon i artikkelform.

Vinnaren av nynorskprisen er ein av våre fremste tolkarar og formidlarar av norsk samtidslitteratur, ein opplysande brubyggjar mellom skjønnlitteraturen og det store, lesande publikummet. I to essaysamlingar frå dei siste åra reflekterer ho over sentrale tema i nyare norsk litteratur og i det norske kulturelle landskapet. I begge bøkene viser ho stor evne til å vise fram og drøfte komplekse problemstillingar i eit presist og klårt språk. Men ho kan òg lage forfriskande metaforar, som når ein laptop vert til «utlagd hjerne».

Prisvinnaren skriv ein stad at kritikarens oppgåve er «å reflektera vidare, innover i andre tekstar, utover i verda, nedover i sinnet.»  På denne måten kombinerer ho det personlege med det faglege, men ho overskrid det private og gjer synspunkta sine allmenne. Dette er ein eigenskap ved gode bøker, skriv ho – og tekstane hennar er i samsvar med dette kravet. I refleksjonane over tema som språk, kjønn og identitet vert essaysamlingane også samtidskommentarar, som kan stimulere lesaren til vidare tenking og utvikling av dømmekraft.

Språkprisen 2012 for framifrå bruk av nynorsk går til Marta Norheim for bøkene Røff guide til samtidslitteraturen (2007) og Friksjonar. Essay frå kulturelle grenseområde (2011).”

Marta Norheim og Erik Tunstad, hjarteleg til lykke med Språkprisen 2012!

Les meir:

Pressebilete av vinnarane (kan brukast fritt):

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2012 | Oppdatert:19.11.2021