– Staten ignorerer språkvala til kommunane

(17.3.11) Nesten halvparten av alle nynorskkommunar får sjeldan eller aldri brev frå staten på nynorsk, trass i at dei har krav på det. Det viser ei fersk undersøking som er gjennomført av Språkrådet, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Nynorsk kultursentrum.

– Det bør vere sjølvsagt at statsorgan skriv brev og e-postar på den målforma som kommunen har valt. Det er alvorleg at statsorgana ignorerer språkvala til kommunane, seier fagkoordinator i Språkrådet, Nina Teigland.

114 norske kommunar har krav på å få nynorsk i brev og e-postar frå statsorgan. Undersøkinga viser at desse krava i mange tilfelle ikkje blir innfridde. Det er sentrale statsorgan som oftast bryt lova, medan dei lokale og regionale er flinkare, opplyser kommunane.

– Statsorgana må sørgje for at dei betrar praksisen sin og følgjer opp sitt eige lovverk, meiner Nina Teigland.

Undersøkinga om målbruken i nynorskkommunar har gått ut til alle dei 114 nynorskkommunane i landet, i tillegg til 11 nøytrale kommunar der nynorsk er utbreidd.

Trass lovbrota er det få som klagar. Berre 14 % av kommunane opplyser at dei har klaga på å ha fått skriv på bokmål frå statsorgan.

– Eg oppmodar kommunane om å klage slike saker inn til Språkrådet, avsluttar Teigland.

I undersøkinga kjem det òg fram at:

  • 62 % av nynorskkommunane får sjeldan eller aldri e-postar frå statsorgan på nynorsk
  • I 42 % av kommunane får vaksne innvandrarar opplæring i bokmål
  • 43 % av kommunane i undersøkinga har mest bokmål på nettstaden

Rapport og oversyn over kommunar
Fleire resultat frå undersøkinga finn du i rapporten frå Undersøkinga om målbruken i nynorskkommunar [pdf].

Her finn du eit oversyn over kommunane som har svara i undersøkinga [pdf].

Kontaktpersonar:
Nina Teigland, fagkoordinator i Språkrådet, tlf. 412 19 779 / 22 54 19 67
Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, tlf. 906 16 727
Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), tlf. 22 33 14 00


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter