Språkprisen 2010 til Elisabeth Aasen (bokmål) og Jon Hellesnes (nynorsk)

(10.11.10) Elisabeth Aasen får i dag Språkprisen 2010 for framifrå bokmål i sakprosa. Jon Hellesnes får Språkprisen 2010 for framifrå nynorsk i sakprosa. – Dei er kunnskapsrike forskarar som vender seg til ei brei offentlegheit med bøker som både er velskrivne og vesentlege, seier juryen.

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Vinnarane får 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Språkprisen vert delt ut på konferansen Språkdagen 2010 i Oslo Konserthus.

 

Juryen skriv dette om prisvinnarane:

«Dei to språkprisvinnarane i år er begge framifrå formidlarar av fagleg og tverrfagleg innsikt. Dei meistrar begge kunsten å sameine detaljar og nedslag i det kvardagslege med store liner og utfordrande utsyn, den eine med bakgrunn i filosofi, den andre frå historie og litteratur. I ei tid då fag og forsking vert stadig meir spesialisert, er prisvinnarane i år døme på kunnskapsrike forskarar som vender seg til ei brei offentlegheit med bøker som både er velskrivne og vesentlege. Dei to har omfattande forfattarskap bak seg, men begge får prisen i år for dei tre siste bøkene sine. Dei har begge Ludvig Holberg som favoritt og inspirasjonskjelde.

Vinneren av prisen for bokmål formidler et omfattende historisk stoff på forbilledlig måte. Hennes hovedtema er kvinners rolle og skjebne i europeisk historie, fra bergenske bakgater til palassene i Paris. Hun skriver et presist, og samtidig variert bokmål, der omfattende kulturhistorisk og biografisk stoff blir formidlet slik at tekstene hennes kan nå lesere med ulik bakgrunn. Slik kommer hun mange i møte, med en entusiasme og et engasjement som smitter.

Språkprisen 2010 for framifrå bruk av bokmål i sakprosa går til Elisabeth Aasen for bøkene Barokke damer, Bergenske kvinner og Opplysningstidens kvinner.

Vinnaren av nynorskprisen tek i bøkene sine i bruk eit breitt spekter av nynorske språkressursar: han hentar like gjerne orda og døma sine frå norske kvardagar som frå abstrakte, filosofiske tradisjonar. Skriftstykka hans er leselege både for det store publikum og for spesialiserte fagfilosofar. Han er kreativ både i sjangeren han vel for skriftstykka sine, og i ordvalet. Prisvinnaren nyttar gjerne arkaiske nynorskord, men er også mann for språklege nylagingar. I siste boka si har han t.d. laga ord som sutleprat og glyespreiar for bullshit og bullshittar.

Språkprisen 2010 for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa går til Jon Hellesnes for bøkene Illusjon?, Om livstolking og Det femte monarki og andre essay

Ove Eide, Karianne Bjellås Gilje, Unn Røyneland og Espen Søbye sit i juryen for Språkprisen.

Kontaktpersonar:
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf.: 938 06 923
Ove Eide, juryleiar for Språkprisen, tlf.: 415 30 633

Foto: Berit Roald / Scanpix

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter