Revidert nynorsk er på veg

(1.11.10) Ut med 'skole'. Ja til både 'tenke' og 'tenkje'. Valfri samsvarsbøying av svake verb. Dette er noko av det rettskrivingsnemnda for nynorsk førebels går inn for. På nyåret kjem eit forslag til revidert nynorskrettskriving frå nemnda, som allereie har teke til orde for fleire endringar.

Språkrådet er i gang med å revidere nynorskrettskrivinga med sikte på ei 'tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer'. Grete Riise leier ei nemnd på sju personar som har arbeidd med saka det meste av 2010 etter mandat frå styret i Språkrådet. Nemnda har hatt møte med språkbrukarar frå mange samfunnsområde.

Berre 'skule'
Nemnda tek stilling til kva former i gjeldande rettskriving som bør bli ståande, og kva former som kan gå ut. Innan 1. februar skal nemnda gå gjennom alt på nytt.

Det endelege framlegget er dermed ikkje klart, men dette er noko av det nemnda har gått inn for hittil:

  • Både a-infinitiv og e-infinitiv må bli verande, og det skal vere valfri j i verb som 'tenk(j)e'.
  • Samsvarsbøyinga i svake verb blir valfri. Døme: 'Varene er levert(e).'
  • Bruken av ø og/eller y i ein del ord er tenkt slik at ø alltid kan brukast, mens det skal vere valfritt i mykje brukte ord som 'fyrst'/'først'.
  • Substantiv som har hatt unntak frå hovudregelen om fleirtalsbøying (t.d. 'ei elv, fleire elvar' og 'ein gjest, fleire gjester'), skal kunne bøyast som andre substantiv (altså t.d. 'elver' og 'gjestar').
  • Nemnda vil behalde 'skule', men stryke 'skole', som no er jamstilt. Eit argument for 'skule' er at det er dialektforma i dei områda der nynorsk er opplæringsmål.
  • Nemnda har stilt spørsmål om ein skal ha både 'da' og 'då', eller berre den eine varianten, og det same med 'no'/'nå', 'noen'/'nokon', 'bare'/'berre' ofl.

Dialog
Språkrådet og nemnda med leiar Grete Riise ønskjer dialog med språkbrukarane om nynorskrettskrivinga. Nemnda publiserer nytt frå arbeidet sitt på nettsidene til Språkrådet (www.sprakradet.no/Toppmeny/Aktuelt/nynorsknorm). Nemnda har også oppretta diskusjonsforumet Nynorsk 2011, som er ope for alle. Adressa er www.nynorsk2011.org.

Midtlinjenynorsk
Rettskrivingsnemnda har vege mange omsyn mot kvarandre, som tradisjon og praksis i skriftspråket og talemålsformer med stor geografisk utbreiing. Ho har lagt vekt på å skaffe best mogleg datagrunnlag om kva former som er i bruk, m.a. i lokalaviser og i det nynorske tekstkorpuset til Norsk Ordbok. Det er eit mål at den nye norma skal bli stabil over lengre tid, og då er det viktig å vite kva former som har festa seg hos folk flest, i ein 'midtlinjenynorsk'.

Normeringa må ta særleg omsyn til dei elevane som har nynorsk som opplæringsmål, men samtidig skal rettskrivinga vere lett å lære for alle som vil skrive korrekt nynorsk.

Endeleg forslag 1. april
Nemnda skal ha eit forslag klart til høyring 1. februar 2011. Etter høyringsmøtet 21. februar skal det endelege forslaget leverast til styret i Språkrådet 1. april. Planen er at ny rettskriving for nynorsk, godkjend av Kulturdepartementet, skal gjelde frå 1. august 2012.

Kontaktperson
Nemndleiar Grete Riise, tlf. 416 61 790, e-post: nynonemnd(a)sprakradet.no


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter