Kompetanseprøver i bokmål og nynorsk, laurdag 13. mars 2010

(16.2.10) I 2006 og 2008 heldt Språkrådet kompetanseprøver for språkkonsulentar i bokmål og nynorsk. 13. mars 2010 skal vi halde nye prøver.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Dei som greier prøvene, får eit kompetansebevis som viser at Språkrådet går god for at dei er svært kompetente språkkonsulentar. Prøvene er skriftlege, og ingen hjelpemiddel er tillatne.

Tid: laurdag 13. mars 2010
Stad: auditorium 1, Helga Engs hus, Universitetet i Oslo.
Bokmålsprøva blir halden frå 9.00 til 12.30, nynorskprøva frå 13.30 til 17.00.

Det er gratis å melde seg på og ta prøvene. (Deltakarane må dekkje eventuelle reisekostnader.)

Det er mogeleg å melde seg på begge prøvene eller berre ei av dei. Det er plass til om lag 80 kandidatar til kvar av prøvene. Dersom det er stor pågang, vil dei som har meldt seg fyrst, få plass.

Du kan lese meir om nynorskprøva her og bokmålsprøva her.

Påmeldingsfristen er torsdag 4. mars 2010. Send påmeldinga til stat@sprakradet.no. Merk e-posten med «Påmelding til kompetanseprøve» i emnefeltet. Hugs å skrive namn, adresse og telefonnummer. Skriv dessutan kva prøve du melder deg på, eller om du melder deg på begge prøvene.

Dersom du har spørsmål om prøvene, kan du ta kontakt med rådgjevar Kjetil Aasen på e-post kjetil.aasen@sprakradet.no eller telefon 22 54 19 68.


[Denne teksten på bokmål

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2010 | Oppdatert:19.11.2021