Samferdselsverksemder: Krav til målbruk i kunderetta informasjon

(27.06.07) Posten Noreg AS, Avinor AS og NSB AS skal i all kunderetta informasjon følgje prinsippa i målbrukslova. Dette er no klart etter at generalforsamlingane i dei tre statlege aksjeselskapa har vedteke endringar i vedtektene for selskapa.

- Målbrukslova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer. Det inneber mellom anna at målforma som er vedteken i ein kommune eller fylkeskommune, skal nyttast ved til dømes skilting, informasjonsmateriell og i informasjonsannonsar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Målbrukslova slår òg fast at statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at informasjon vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei, eller at informasjon kjem ut i begge målformer. Dersom informasjonen gjeld eit avgrensa geografisk område, skal selskapa nytte fleirtalsforma for området.

- Etter dei tidlegare vedtektene i selskapa skulle prinsippa i målbrukslova følgjast så langt som råd var, men med rom for å sjå bort frå dette når private konkurrentar ikkje gjorde det. Det førte til lite etterleving av prinsippa i målbrukslova. Dette er dermed no skjerpa til at prinsippa skal følgjast i all kunderetta informasjon, seier samferdselsministeren.

Elles skal prinsippa i mållova følgjast i størst mogleg grad, men likevel slik at det ikkje utgjer ei ulempe for selskapa i forhold til private konkurrentar.

(Pressemelding frå Samferdselsdepartementet 26.06.07)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter