Syden

No image

Mange nordmenn reiser til Syden i sommarferien. Som andre stadnamn skal ordet skrivast med stor forbokstav, sjølv om den geografiske avgrensinga ikkje er klar.

Skoleferien har allereie starta, og framover i juli reiser ein stor del av oss på ferie. Syden er eit populært feriemål for nordbuar. Ordet er lånt frå tysk i om lag same forma, Süden. Det er eit særnamn og skal ha stor forbokstav på line med andre geografiske særnamn som byggjer på himmelretningane, til dømes Norden og Vesten. I samansetjingar kan vi velje mellom stor s og bindestrek eller liten s og ingen bindestrek, så vi kan skrive enten Syden-reise eller sydenreise.

Det er ikkje eintydig kvar i verda vi reiser når vi dreg på sydentur. Helst tenkjer vi på pakkereiser til landa rundt Middelhavet og Kanariøyane. Bokmålsordboka definerer Syden som ‘sørlige land, strøk, særlig om middelhavslandene’. Dette ekskluderer ikkje nødvendigvis andre varme område som ligg sør for Noreg, og det er ikkje heilt uvanleg å snakke om sydentur om ein til dømes reiser på chartertur til Thailand. Turmål som Thailand og Maldivane høyrer geografisk til i Austen, men ein pakketur dit vil for mange likevel hamne i kategorien sydentur.

 

Publisert 30. juni 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter