Missil eller rakett?

No image

Nord-Korea trugar med å sende rakettar mot Guam i Stillehavet, ifølgje fleire aviser. Eller er det missil? I norsk brukar vi til dels dei to orda om einannan, men det ligg likevel ulik grad av presisjon i dei to omgrepa.

Ein rakett er eit prosjektil som vert drive av ein reaksjon, gjerne ein reaksjonsmotor. Det finst fleire former for rakettar, som romrakett, forskingsrakett, meteorologisk rakett og nyttårsrakett for å nemne nokre.

Eit missil hadde tidlegare tydinga 'kastevåpen, prosjektil', men vert i dag helst nytta om eit styrt rakettvåpen, ifølgje Engelsk-norsk militær ordbok. Eit missil er då ein type rakett som har stridshovud. Merk at missil er normert til inkjekjønn på begge målformer. Det heiter difor fleire missil, ikkje *missilar på nynorsk.

Samstundes er ikkje ordbruken heilt klår. Ein snakkar gjerne om rakettkastar, og både bakke-til-luft-rakett og bakke-til-luft-missil er i bruk i militært fagspråk. Med andre ord er det ikkje berre avisredaksjonar, men òg militære som vekslar mellom dei to orda.

Ordet rakett har vi hatt ganske lenge i norsk, medan missil først kom i bruk i 1960-åra. Rakett kjem frå det italienske rocchetta med tydinga 'brannrakett', som igjen er diminutivforma av rocca, som tyder 'tein' (konisk trestav til å spinne med, t.d. i ein spinnerokk). Missil kjem opphavleg frå det latinske missilis med tydinga 'som kan sendast, avfyrast'. Det latinske ordet heng òg saman med andre låneord i norsk, t.d. misjon.

 

Publisert 11. august 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter