Kronisk

No image

På norsk har adjektivet kronisk den eigenskapen at det først og fremst beskriv noko negativt. Den typiske bruken er at det spesifiserer ein sjukdom eller ein annan tilstand ein helst vil unngå.

Søk i tekstbasar viser at kronisk ofte står til substantiv som sjuke og sjukdom eller til ord for meir spesifikke lidingar, som til dømes nyresvikt, bronkitt, betennelse, utmattingssyndrom eller hovudpine. I Norsk Ordbok er denne (medisinske) bruken definert som ‘langvarig, vedvarande, ulækjeleg’. Motsetnaden til kronisk i denne tydinga er akutt (‘hard og kortvarig’).

Viss kronisk ikkje beskriv ein sjukeleg helsetilstand, er det oftast tale om ein annan tilstand som det er ønskeleg å endre. Kronisk pengemangel og kronisk fattigdom er døme på frekvente frasar av denne typen. Ordbokdefinisjonen av slik bruk er ‘konstant eller tilbakevendande, vanskeleg å unngå’.

Det finst òg ein munnleg, skjemtande bruk av ordet som karakteriserer ein typisk eigenskap ved ein person (til dømes at nokon er lystig, lat eller tverr). Han er aldeles kronisk er eit bruksdøme frå Trøndelag (jf. Norsk Ordbok).

Kronisk er ofte brukt til å modifisere eit anna adjektiv. Også då gjeld det ei lite oppmuntrande kjensle eller ein nedbrytande tilstand. Adjektiva sur, trøytt, dårleg og sjuk er alle på lista over ord som gjerne står saman med kronisk. Kronisk modifiserer vanlegvis ikkje nasjonalitetsadjektiv. Fram til for få dagar sidan fanst det ikkje døme på frasen kronisk norsk i tekstbasane.

Opphavet til kronisk er det greske ordet khronikos ‘som heng saman med tid’ (jf. Det Norske Akademis ordbok).

 

Publisert 9. november 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter