Jiddisch eller jiddisk?

No image

Du kan no gå på kurs og lære deg dette språket i Noreg, melder Aftenposten. Men korleis bokstaverer vi det på norsk? Og har vi fått låneord frå språket?

I ordbøkene finn vi at det heiter jiddisch eller jiddisk, og begge variantane er omtrent like mykje i bruk. Utanom desse to normerte skrivemåtane ser vi at nokre òg skriv jiddish, t.d. Jødisk Museum.

Språket jiddisk er rekna som eit språk i den germanske språkgruppa og har opphavet sitt i mellomalderen, som eit blandingsspråk av mellomhøgtyske dialektar med omfattande lån av hebraiske ord, ifølgje Store norske leksikon. Det finst to hovuddialektar, ein vestleg (no utdøydd) og ein austleg. Språket nyttar det hebraiske skriftsystemet.

Vi kjenner ikkje til kor mange som nyttar jiddisk i Noreg i dag, men truleg er det ikkje særleg mange.

I Sverige har jiddisk status som nasjonalt minoritetsspråk og vert tala og forstått av om lag fire tusen svenskar. Språkrådet i Sverige har eit ansvar for jiddisk i landet og arbeider med å styrkje det og andre nasjonale minoritetsspråk.

I dag vert jiddisk tala av mellom to og tre millionar menneske i verda, og språket er absolutt levande. Om du skal skrive ein e-post på jiddisk, vil du sannsynlegvis nytte ordet shtrudl for krøllalfa. Nokre kjenner kanskje att ordet frå tyske kafear eller konditori, det er den tyske eplekaka.

Vi har svært få spor av jiddisk i norsk. Adjektivet sjofel kjem frå tysk, som har fått det frå jiddisk (og opphavleg frå hebraisk), opplyser fleire etymologiske ordbøker.

 

Publisert 23. oktober 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter