Jeløyerklæringa

No image

Den nye regjeringa har lagt fram den politiske plattforma si, som dei har forhandla seg fram til på Jeløya i Østfold. Erklæringa som kjem frå desse forhandlingane, bør vi skrive Jeløyerklæringa.

Den aktuelle øya i Moss kommune har nett Jeløya som einaste godkjende og tilrådde skrivemåte. Når dette stadnamnet blir skrive saman med eit anna ord til ei samansetjing, er det Jeløy- som blir rett etter tradisjonelle ordlagingsreglar. I ei samansetjing får det første leddet ubunden form, sjølv om det måtte ha bunden form når det står aleine. Slik blei til dømes ei anna regjeringserklæring frå Voksenåsen til Voksenåserklæringa. Vi bør altså skrive om Jeløyerklæringa og Jeløyplattforma.

Publisert 19. januar 2018

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter