Infrastruktur

No image

«Sams språk er ein del av infrastrukturen i eit samfunn», står det i Nynorskordboka. No ber Språkrådet andre departement ta sin del av ansvaret for denne «strukturen». Kva ligg bak dette ordet og dette kravet?

Ordet infrastruktur er basert på latin og lånt inn i norsk frå fransk og engelsk. Direkte omsett tyder det ‘underbygnad’. Ordet blir mest brukt om dei faste installasjonane som trengst for å halde eit samfunn gåande, som vegar, kraftleidningar og andre fysiske nettverk. Det vart først kjent her i landet tidleg i femtiåra i samband med Natos infrastrukturprogram. Da hadde ordet gjerne ei trongare militær tyding, med vekt på kva ein væpna styrke treng for å fungere. Utetter 1960-åra vart ordet teke meir i bruk i vid tyding på område som u-hjelp og distriktsutbygging. No har det fått enda vidare tyding.

Språk som infrastruktur

Denne veka kom rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur, utarbeidd av Språkrådets framtidsutval. Rapporten følgjer opp St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. I føreordet slår utvalet fast at «norsk språk er ein sentral infrastruktur i det norske samfunnet. Denne infrastrukturen står sterkt, men han må røktast for å halde seg sterk også i framtida».

Legg merke til at mange døme på samfunnsviktig infrastruktur høyrer til kategorien kommunikasjon(ar) og samband. Det finst neppe betre døme på samfunnsviktig kommunikasjonsmiddel enn språket. Språket er den infrastrukturen som bind saman samfunnet på flest plan. Det sameinar samfunnsmedlemene, og det er ein føresetnad for produksjon og drift av all annan infrastruktur. Eit anna viktig moment er at eit moderne kulturspråk som norsk krev ein eigen infrastruktur for å fungere optimalt. Det krev altså tilrettelegging, mellom anna for bruk i digitale løysingar.

Rapporten frå framtidsutvalet slår til lyd for å utvide det språkpolitiske ansvarsområdet i tråd med dette synet:

Fremdeles ligger ansvaret for språkpolitikken hos Kulturdepartementet, til tross for at språk er infrastruktur og i stadig større grad behandles som det. I arbeidet med ny språkmelding tilrår utvalget å se på hvordan språkpolitikken framover skal organiseres for å sikre norsk språks framtid i størst mulig grad – som reelt sektorovergripende politikkområde, i gavnet, ikke bare i navnet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter