Doping

No image

Doping – det å bruke forbodne middel for å få betre resultat i idrett – er noko som stadig er aktuelt. Dopingmiddel kan takast på ulike vis, men at ordet doping historisk heng saman med ord som duppe og dåp, tenkjer vel dei færraste av oss over.

I media er det ofte viktig å spare på plassen, så da er det ikkje overraskande at ein fort tyr til samansette adjektiv som dopingteken i staden for det meir tradisjonelle teken for doping. Mange vil seie at utøvarar også kan bli tekne i doping, og det er vel så, men i signaliserer nok helst at ein faktisk blei teken på fersk gjerning, altså nett da handlinga gjekk føre seg.

Vi bruker ordet dop om dopingmiddel, det vil seie prestasjonsfremjande stoff som er forbodne å bruke for idrettsutøvarar. Men dop kan òg vere narkotika, og slanguttrykk som dophovud og dopskalle spelar på denne tydinga. Å dope nokon er å gje nokon anten oppkvikkande eller sløvande middel, men å dope ned nokon er eintydig og passar dårleg i idrett. I fagspråk kan verbet dope òg brukast om å tilsetje eit stoff for å endre eigenskapane til ein gjenstand, til dømes ein del på eit modellfly.

Norsk har fått orda dop og doping frå engelsk, men opphavet til engelsk dope er nederlandsk doop, avleidd av verbet dopen (eldre form doopen) ‘dyppe’. I moderne nederlandsk tyder doop ‘dåp’, men ei eldre tyding skal vere ‘saus’. Ein saus kan jo brukast til å dyppe noko i, og det er faktisk slektskap mellom doop og det heimlege duppe, kjent mellom anna frå retten flesk og duppe. Verbet dyppe høyrer òg med i dette komplekset, men det har vi fått frå lågtysk düppen. Går ein enda djupare i materien, kjem ein fram til adjektivet djup, som i ulike former finst i alle dei germanske språka, og som også har slektningar i baltisk, slavisk og keltisk.

 

Publisert 20. oktober 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter