DAB-radio

No image

DAB-radio er allereie i fleire ordbøker. Forkortinga er oftast skriven med store bokstavar, men vi kan òg bruke små, altså DAB-radio eller dab-radio

Ei stor sak i medielandskapet i 2017 er overgangen til DAB-radio. FM-sendingar blir avløyste av digitale radiosendingar over heile landet. DAB står for det engelske Digital Audio Broadcasting – ‘digital lydkringkasting’. Den tekniske utviklinga gjer at ein no lagar og sender ut radioprogram digitalt. Heilt ny er teknologien ikkje lenger, og ordet DAB-radio er registrert i norsk første gongen i 1993. Med DAB-radio blir det plass til mange fleire radiokanalar enn på FM-nettet. Alle dei riksdekkjande radiokanalane som NRK P1, P2, P3, Sámi Radio, P4 og Kanal 24 vil snart bruke berre dei digitale sendarane. FM-bandet kjem til å bli brukt nokre få år framover av lokalradioar.

Ordet DAB-radio kan stå for både sjølve radioapparatet og for kringkastinga av digitale radiosignal. Du får ikkje inn DAB-sendingar på ein gammal FM-radio, dersom du ikkje har skaffa deg ein adapter.

Sidan DAB er ei forkorting, skal det vere bindestrek når vi lagar samansetningar, som DAB-radio, DAB-sendar og DAB-nett. Når forkortingar blir vanlege i allmennspråket, vil vi ofte la dei få skrivemåte med store eller små bokstavar, som TV eller tv.

DAB+ er ei vidareutvikling av DAB-teknologien. Det er stor sjanse for at du har ein DAB+-radio i heimen. 

 

Publisert 6. januar 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter