Stamcelle

Kva har stamceller med stambord og stamgjest å gjere?

John B. Gordon og Shinya Yamanaka fekk nyleg nobelprisen i medisin for banebrytande forsking på stamceller. Stamceller er umodne, uspesialiserte celler som kan fornye seg gjennom celledeling. Stamceller kan dimed utvikle seg til modne, spesialiserte celler med ein bestemt funksjon. Dei to forskarane har funne ut at modne, spesialiserte celler kan omprogrammerast og reverserast tilbake til umodne celler for dermed å dyrke dei fram til alle celletypar.

Ordet stamcelle er ei samansetjing av lekkane stam- og celle. Celle kjem frå det latinske cella, som tyder lite rom, og vert i biologien nytta om organiske byggjeeiningar. Celle kan også verte brukt i andre tydingar, som m.a. i fengselscelle, brenselcelle og terrorcelle.

Forstavinga stam- kjem av stamme og tyder her opphavs-. Stamcelle er altså ei slags opphavscelle. Denne tydinga av stam- kjenner vi att i stamfisk og stamtre. Men stam- kan også tyde fast, som i stambord og stamgjest.

I andre germanske språk har ordet ei liknande oppbygging: stamcell (svensk), stem cell (engelsk), Stammzelle (tysk) og stamcel (nederlandsk).

I spansk er dei litt meir moderlege. Her heiter det célula madre. Andre latinske språk byggjer opp ordet som i norsk, altså med utgangspunkt i stamme. På fransk heiter det cellule souche og på italiensk cellula staminale. Portugisarane spelar på begge variantane med synonyma célula-mãe, célula estaminal og célula-tronco.

Kjært opphav har med andre ord mange namn.

 

Publisert 23. oktober 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter