Pinse

No image

Pinsetids tungetale og andre underlege ovringar i språket

Pinsa er den tredje store årsfesten i kyrkja, etter jul og påske. Bakgrunnen for pinsa finn du i Apostelgjerningane 2,1–4:

Då pinsedagen kom, var dei alle samla. Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.

No kunne apostlane altså forkynna evangeliet for alle folkeslag. Difor er pinsa «til minde om den Hellig-Aands udgydelse over apostlene og Kristi kirkes grundlæggelse blandt jøder og hedninger», som det heiter i ei av dei mest kjende bøkene i norsk historie, Dr. Martin Luthers lille katekismus (her frå ei utgåve frå 1905). «Udgydelse» er i denne samanhengen ‘ut-ausing’.

Det religiøse innhaldet i pinsa kan du lesa meir om i Store norske leksikon. Er du interessert i gamle skikkar og truer knytte til pinsa, frå bålbrenning til vêrvarsel, bør du ta ein titt i Dag og merke av Brynjulf Alver. Der er òg det kronologiske og språklege grunnlaget for pinsa omtalt, såleis:

Pinsedag eller kvitsunn rettar seg kalendarisk etter påske. Namnet pinse heng saman med gresk pentekoste, som tyder den femtiande, dvs. 50. dag etter påske. Pinsedag fell på sjuande søndag etter påskedag (i dei 50 dagar vert påskedag rekna med), og kan såleis tidlegast koma 10. mai, seinast 13. juni.

Sjølve ordet pinse har vi nok fått frå dansk, der det før ofte vart stava pintse. Til dansk kan det ha kome frå lågtysk, der det har heitt pinxten o.l. Gammalnorsk hadde ein heilt annan variant, nemleg píkisdagr. Fleire former av ordet er omtala hjå etymologane Falk og Torp.

Ordet pinse kan ha både hankjønn og hokjønn i både nynorsk og bokmål (pinsen og pinsa). Før kunne det dessutan heita pins. Mange interessante pinse-samansetjingar står i Norsk Ordbok, legg særleg merke til samansetjingane som står oppført med pinstid- (uttalt /pinsti/) der.

Legg òg merke til at Alver nemner kvitsunn ovanfor. Dette synonymet har vore utbreitt i store delar av landet, og har vore ein del nytta i nynorsk. Ordet finn vi òg i dansk hvidesøndag, som opp gjennom tida har tydd både ‘første søndag etter påske’, ‘fastelavnssøndag’ og ‘pinsedag’. Falk og Torp fortel at

hvidesøndag svarer til middelalderlatin dominica in albis og har sit navn deraf at den var den store daabsdag da katekumenerne iførtes hvide klæder. Den angelsaksiske kirke forlagde handlingen til første pinsedag, herav angelsaksisk hwîta sunnandæg; gjennem angelsaksiske missionærer fik vore forfædre samme ordning: oldnorsk hvît(a)sunnudagr ‘pinsesøndag’*

Noko av dette er omstridt, men sikkert er det at kvitsunn viser til det same som whitsun i britisk engelsk (jf. elles pentecost).

Litt åndeleg rettleiing på tampen: Det heiter stort sett ånd i nynorsk (den ånda), men i den aktuelle religiøse særtydinga er det ande (den anden) som gjeld. Det er Guds ande som sviv over vatna i Fyrste Mosebok. Ein vanleg nynorskfeil er å skriva anda. Men anda har ikkje stort meir sams med ånda og anden enn at ho kan ta seg fram gjennom lufta.

* Sitatet er lett tilpassa, med oppløyste forkortingar og eit par utelatingar.

 

Publisert: 29. mai 2020

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter