Haustjamdøger

Kva er jamt med dagen i dag?

I år er det haustjamdøger 23. september, andre år kan det vera den 22. Dette er eitt av to døger i året då sola står i ekvator og dag og natt er jamne – like lange – overalt på jorda (det andre er vårjamdøger). «Sola er no på veg frå den nordlege til den sørlege himmelhalvkula og står i stjernebiletet Jomfrua » (Norsk Allkunnebok 1953).

bilde

Ordet jamdøger fanst hos oss allereie i gammalnorsk som jafndœgr. Det er visst opphavleg ei omsetjing av latin aequinoctium, som er ei samansetjing av aequus,som tyder nettopp ’jamn, lik’, og ei avleiing frå nox, som tyder ’natt’.

Haustjamdøger har vore feira som inngangen til det nye året i mange kulturar. Dette døgeret, då himmelekvator kryssar solbana, er kanskje ikkje like mykje omtalt i dag som før i tida, men har vorte sett på som svært viktig, særleg i kulturar som har vore opptekne av astronomi og astrologi. Dei gamle egyptarane, fønikarane og persarane er mellom dei som feira nytt år ved haustjamdøger. Rundt haustjamdøger har det òg vore mange mytar om svære krefter, og dagen har vore viktig for folk som er opptekne av det okkulte.

 

Publisert: 23.9.11

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter