Haust og haust

Haust tyder både ’årstid mellom sommar og vinter’ og ’avling’, og ein kan lure på om årstida har fått namn etter avlinga eller avlinga etter årstida.

Haustglad

Til haust høyrer to verb, eitt til kvar tyding: å hauste, som tyder ’samle inn avling’, og å haustast, som tyder ’bli haust’. På engelsk heiter det harvest om avlinga og autumn om årstida (lånt frå fransk automne og latin autumnus, jf. italiensk autunno og spansk otoño). Dei tilsvarande tyske orda er Herbst og Ernte. Harvest (avling) og Herbst (årstid) liknar kvarandre, og begge er i slekt med norsk haust.

Ordet haust/høst går dessutan inn i mange (ofte poetiske) ordsamansetjingar. Her er eit knippe frå Norsk Riksmålsordbok:
 

  • høstbasun: brukt om hauststormane
  • høstbrakk: haustpløying
  • høstglad: glødande fargeprakt som naturen (særleg lauvet) viser om hausten
  • høstgrime: skodde og regntjukke om hausten
  • høstkjenning: kjensle av haust
  • høstmett: jordsmonn som har fått nok gjødsel og nedbør om hausten
  • høstsinn: sinn som kan vere prega av haustleg klårleik og ro
  • høstved: mørkare, fastare del av ein årring, utanom den lysare og lausare vårveden
  • mishøst: dårleg, feilslått haust
  • silkehøst: innhausting av kokongane til silkeormen

 

Publisert 20. oktober 2011

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter