Halloween

No image

Halloween er eit fenomen og eit ord vi merkar mykje til no i haustmørkeret, anten vi liker det eller ikkje. No har ordet fått plass i allmennordbøkene.

I Oxford Dictionary of English er «All Saints’ Day» forklart som ‘ei kristen feiring som blir markert 1. november (i kyrkja i den vestlege verda) til ære for alle helgenar i himmelen’. Kvelden før, altså 31. oktober, kan ein feire «All Hallows’ Eve» eller «All-Hallow-Even», som via munnleg språk har blitt til «halloween». Feiringa skal ha opphav i førkristen tid og stamme frå ein keltisk fest der spøkjelse og ånder var involverte. Derfrå kjem skikken med å kle seg ut og bere masker. Uthòla neper var ein del av rituala. Då skikken kom til USA, blei nepene bytte ut med graskar.

No har halloween komme inn i Nynorskordboka og Bokmålsordboka, etter at ordet for alvor blei kjent i Noreg kring 2000. Om vi vel å bruke dette ordet, må vi hugse at det skal ha liten førebokstav – nett som andre høgtider og merkedagar. Sjølv om halloween på nokså kort tid har etablert seg både i skrift og tale i Noreg, har den engelske helsinga «trick or treat» fått norske avløysarar som «knask eller knep», «godteri eller fanteri», «snask eller snusk», «digg eller deng» og «grøss eller godteri». Somme snakkar jamvel om å «gå godteskrømt». Samansetjingar som «halloweenkostyme» og «halloweenfest» bør skrivast utan bindestrek.

1. november var opphavleg ein katolsk minnefest for helgenar som ikkje hadde fått nokon spesiell dag, og på norsk har vi nemningane helgemess(e) og allehelgensdag. I Den norske kyrkja er helgemesse no lagd til den første søndagen i november. På helgemesse minnest vi dei døde, og mange tenner lys på gravene.

 

Publisert 27. oktober 2017

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter