Grunnlov, konstitusjon

No image

I Noreg er nasjonaldagen 17. mai ein grunnlovsdag, sidan vi denne dagen feirar Kongeriket Noregs grunnlov (opphavleg Kongeriget Norges Grundlov) frå 1814. 

Eit anna ord for grunnlov er konstitusjon. Konstitusjon heitte constitutio i klassisk latin og vart bruka både om sjølve statsskipnaden og om einskilde ordningar, føresegner og påbod. Ordet er ei avleiing av verbet constituere, som kjem av statuere ‘setje opp, få til å stå’, jamfør vårt fastsetje.

Grunnlova står over dei andre lovene, og til skilnad frå dei fleste av dei skal ho skrivast med stor forbokstav. For det første tyder grunnlov ‘fundament-lov’, for det andre er grunnlov så å seie same ordet som grunnlag. På gamalnorsk heitte lov nemleg lǫg, som er fleirtal av lag. Det heng saman med verbet leggje om lag slik konstitusjon heng saman med å setje. Ei lov er truleg opphavleg noko som er (fast)lagt.

V-en i lov har vi frå dansk. På svensk heiter det lag. I eldre nynorsktekstar finn vi forma log, og vi har teke opp att eller halde på g-en i ein del samansetjingar, som lagmann.

I 1814 heitte det Grundlov med -nd-, for skriftspråket i landet var den gongen dansk. To hundre år seinare kom den norske skrivemåten med dobbel n på plass i Grunnlova, då Stortinget vedtok ei modernisering av grunnlovsteksten til både bokmål og nynorsk.

 

PS: Hugs at grunnlovsdagen skal skrivast med punktum og liten bokstav, slik: 17. mai. I samansetjingar bruker vi bindestrek, slik: 17. mai-sløyfe, 17. mai-tog.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter