Finst fedme?

No finst i alle fall sjølve ordet i både bokmål og nynorsk.

Nyleg godkjende fagrådet for normering å ta inn ordet fedme i nynorske ordbøker.

Vi meiner det trongst. Mange vil hevde at det var på høg tid, men god taiming kan det ikkje kallast. For den same veka proklamerte helseguru Kari Jaquesson: «Man HAR ikke fedme, man ER feit!» Og boka Feit av Kristian Fjellanger vart samtaleemne.

Om abstraksjonen «fedme» eigentleg finst, kan vi nok ikkje svare på. Men vi konstaterer at Jaquesson og Fjellanger gjer nett det nynorskbrukarar har gjort mest til no: å bruke adjektivet feit i staden for substantivet fedme. Men feit fungerer nok best om individuell fedme.

Det var særleg samfunnsfenomenet fedme som skapte behov for eit abstrakt substantiv på nynorsk. «Fedmeproblemet øker» tyder nok oftast beint fram at fleire blir feite, men ein kan ikkje alltid skrive «å vere feit» i staden for «fedme». Det trengst eit nøkkelord til bruk i overskrifter, tabellar o.l. Kvifor ikkje overvekt, då? Meir om det til slutt. 

Endå om fedme er nytt som samfunnsproblem, var det ikkje fritt for synonym i nynorsktradisjonen og dialektane frå før. Til dømes fanst ord som feitleik, feite og fite/fete i ulik mon. Orda vart gjerne positivt ladde. Det feite var i det heile jamt over av det gode før, som fat og phat i opphavleg afrikansk-amerikansk engelsk og i moderne norsk slang, jamfør uttrykk som «den feite kjerra».

Òg i eldre bibelutgåver er fenomenet feite/fedme verdsett til ein viss grad, jamfør Salmane, der knea sviktar fordi «holdet skrøkk og misser feita» («mitt kjød svinner og er uten fedme»). No er Bibelen modernisert i samsvar med nyare forsking på balansert feittsyresamansetjing: «kroppen» tørkar inn «fordi han ikke får olje»! Og det er nok ikkje berre godt meint når salmisten seier at hjarta til dei ovmodige er som «ein feittklump». Kva Tormod Kolbrunarskald meinte om hjartefeittet på pila han drog ut av bringa etter slaget på Stiklestad, kjem ikkje klårt fram i Snorres kongesoger. Men det var ikkje feitleik som felte den innfeite meisterskalden – snarare våpenleik og hardleik.

Feitleik, feite og fite/fete har vore nytta ulikt i ulike landsdelar. Dessutan har dei hatt andre tydingar attåt ’fedme’: feitleik ’(grad av) feitheit’, feite/fite/fete ’(smelta) feitt’. Difor har ingen av dei fått bere heile fedme-børa i nynorsk. Om du tykkjer desse orda er feite nok, kan du lese meir om dei her.

I medisinsk litteratur er adipositas og obesitas nytta om overvekt og fedme. Når det trongst eit substantiv i nynorsk faglitteratur, tydde ein gjerne til det nøytrale sterk overvekt om fedme. Men den såkalla kroppsmasseindeksen (KMI) slik han er direkte omsett frå engelsk (BMI), set bom for å bruke overvekt slik. Der er nemleg fedme (= to be obese) definert som noko tyngre enn overvekt, og då kan fedme ikkje godt vere ei form for overvekt! At denne sjølvmotseiande omgrepsbruken er etablert, er den utløysande årsaka til at nynorsken bøygde seg for fedme. Men på begge målformer er overvekt i bruk i meir generell tyding, som rimeleg er. 

No blir det lettare for mange nynorskbrukarar å skrive om fedme i abstrakt tyding. Men det er ingen grunn til å sky det feite. Til vanleg kan ein trygt gjere som Fjellanger og Jaquesson og seie «vere feit» i staden for «li av fedme».

 

Publisert: 20. oktober 2010

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter