Catalonia

Folkeavrøystinga om sjølvstende for Catalonia pregar nyheitsbiletet. Mange lurer på kvifor vi skriv namnet på den spanske regionen slik.

Namnet på regionen vert skrive Cataluña på spansk og Catalunya på katalansk. Ein innbyggjar i Catalonia er ein katalanar, og språket er altså katalansk.

Det at vi skriv Catalonia med c på norsk, er i tråd med etablert praksis når det gjeld namn på andre land og regionar med c i namnet, jamfør Canada, Cuba og Mexico. Når det gjeld sisteleddet i Catalonia, har vi tilpassa skrivemåten til norsk. Her vert det skrive «-uña» på kastiljansk og «-unya» på katalansk. For at den same uttalen skal passe inn i norsk skrivemåte, nyttar vi endinga «-onia».

Når det gjeld skrivemåten for katalanar og katalansk, nyttar vi bokstaven k og ikkje c. Vi har tradisjon for å tilpasse nemning på innbyggjarar og språk i høgre grad enn namn på land og regionar. Ein kan til dømes skrive kanadiar eller canadiar og kubanar eller cubanar. Derimot er katalanar einerådande som normert form.

Katalansk er eit språk som også vert snakka utanfor Catalonia, mellom anna i regionen Valencia og på øygruppa Balearane. Katalansk er offisielt språk i Andorra og vert snakka av nokre i Frankrike og Italia. Du kan lese meir om det katalanske språket hos Store norske leksikon.

 

Publisert 10. november 2014

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter