Mastergradsstipend: tilpassing av importord i norsk (2020)

Språkrådet lyser ut inntil to stipend på 25 000 kr til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om tilpassing av importord i norsk.

Utlysinga rettar seg til studentar som arbeider med emne som har å gjere med tilpassing av skrivemåte i samsvar med norsk rettskriving (òg kalla norvagisering) og eventuelt også tilpassing til norske bøyingsklassar. Prosjekta må omfatte innsamling av bruksdata ved hjelp av korpus. Studentane står elles fritt til å velje emne og innfallsvinkel i oppgåva.

Språkrådet ønskjer å nytte data og innsikt frå oppgåvene i arbeidet sitt med normering av importord, særleg i saker der ein vurderer norvagiseringsvedtak som er 25 år eller eldre.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på éi side der du gjer greie for problemstilling, metode og kor langt du eventuelt er komen i arbeidet
  • ei fråsegn frå rettleiaren din
  • ei utdjuping av problemstilling og metode på maksimum tre sider (inkludert referanseliste)

Språkrådet tar atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi vurderer som gode nok eller relevante nok.

Som stipendmottakar må du skrive under på ein avtale som regulerer rettar og plikter. Det blir føresett at Språkrådet får tilgjenge til data og resultat undervegs og rett til å leggje ut masteroppgåva på nettsidene til Språkrådet når ho er ferdig.

Søknadsfristen er 1. oktober 2020. Søknaden skal merkast med «importord». Send søknaden på e-post til post@sprakradet.no.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Sturla Berg-Olsen (tlf. 22 54 72 47) eller Daniel Gusfre Ims (tlf. 95 76 51 52).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.08.2020 | Oppdatert:21.01.2021