Mastergradsstipend: språk i media og kultursektoren (2020)

Språkrådet skal hausten 2020 dele ut stipend til studentar som skriv masteroppgåve om språk i media eller om språk i kultursektoren. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Stipendet rettar seg i hovudsak til studentar som undersøkjer skriftspråkleg praksis, og Språkrådet er særleg interessert i oppgåver som ser på

  • bruken av engelsk og norsk i media/kultursektoren
  • nynorsk i media/kultursektoren
  • språk i digitale mediekanalar

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse som gjer greie for problemstilling, metode og for kor langt ein er komen i arbeidet (éi side)
  • ei fråsegn frå rettleiaren (om lag éi side)
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden (maksimum tre sider)

Stipendet er på 25 000 kroner.

Søknadsfristen er 1. oktober 2020. Merk søknaden «Språk og media», og send han på e-post til post@sprakradet.no.

Kontakt: Har du spørsmål til utlysinga eller ønskjer å diskutere temaet for oppgåva, må du gjerne ta kontakt på post@sprakradet.no. Merk også denne e-posten med «Språk i media».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter