Kunamn – ein livskraftig tradisjon

Mange trur at norske kyr no berre har nummer og ikkje namn. Rett nok er nummer obligatorisk og namn frivillig i det moderne husdyrbruket, men godt over 90 prosent av kyrne har framleis namn. Det viser ein landsomfattande statistikk over ca. 355 000 kyr frå den offisielle kukontrollen i 1988.

AV KRISTOFFER KRUKEN

Dei ti vanlegaste namna er Dagros, Rosa, Litago, Stjerne, Rødlin, Staslin, Dokka, Svarta, Roslin og Krona. Dei er alle tradisjonelle, og dei fleste er nok òg kjende utanfor bondemiljøet. At Dagros er på topp, viser at ein har dekning for å bruka dette namnet som symbolnamn for ku generelt, slik det jamleg blir gjort i media. Men Dagros ligg berre ørlite framom dei andre i toppen, og frekvensane for toppnamna er heller låge om ein til dømes samanliknar med dei mest utbreidde personnamna. Til gjengjeld er det ei umåteleg breidd i tilfanget. I alt er det registrert ca. 26 000 namn, medrekna alle viktige skrivemåtar. Storparten av dei finst berre ein eller to gonger, og det er berre 55 namn som når over 1 000 i frekvens, eller knapt 0,3 prosent av alle kyr.

Tradisjonelt i toppen

Det tradisjonelle preget er sterkast i toppsjiktet. Dess lenger nedover lista vi kjem, dess tettare blir utslaga av modernitet, nyskaping og fantasi. Det er mest ingen ende på kva som kan inspirera folk til å laga eit kunamn når behovet er der. Kunamn er ikkje offentleg regulerte på noko vis, så det blir berre fantasien, smaken og kjensla for sømd som set grenser. Dei mest ukonvensjonelle namna – som Costapenga, Kosmos, Pia Sava, Midnaith og Karisma – er oftast svært lite utbreidde, og dei kan nok forsvinna like fort som dei har dukka opp. Slike avstikkande namn er truleg i mange tilfelle gjevne med eit smil og kanskje ein snert av ironi. Men eintydig negative eller ufine namn skal ein leita lenge etter.

Utsjånad og oppførsel

Mange karakteriserer kua ut frå trekk som farge og avteikn (flekker eller striper), eksteriør, lynne eller oppførsel, t.d. Svartsid, Kvitros, Stjerna, Dropla, Kolla, Blidkoll, Trolla og Vrangmøy. Andre er generelt rosande og positive, som Staslin, Gullros og Lykke. Ei anna talrik gruppe er personnamn – spesielt kvinnenamn nytta som kunamn, t.d. Rita, Siri, Sara og Linda. Gruppene karakteriserande namn og personnamn er om lag jamstore og omfattar til saman over 70 prosent av alle kyr. Kvinnenamn går altså lett over til å bli brukte som kunamn, men ei vandring motsette vegen er nærast utenkjeleg. Eit namn som Rødlin t.d. vil neppe bli noko kvinnenamn sjølv med formell støtte i Ingelin, Iselin o.fl.

Geografiske namn og lydlege tilhøve

Den tredje største gruppa har opphav i geografiske namn og naturnamn (10 prosent). Her er både norske stadnamn som Rauma, Eina, Nore og Leksvik, utanlandske namn som Danmark, Andorra, Burma, Sparta og Volga, og namn frå dyre- og planteriket som Gaupa, Tiger, Gullregn og Nyperos. Avstand og næringsmessig aktualitet har ingen ting å seia for kva stadnamn som kjem i bruk. Det er opplagt feil når det av og til blir hevda at slike namn har sin grunn i tidlegare import av kyr.

Derimot synest lydlege tilhøve å spela ei viss rolle. Mange namn har to stavingar og utlydande -a, og også trestavingsnamn på -a er vanlege. Det er nokså talande at både Burma og Java er veletablerte kunamn, medan Thailand og Borneo frå same området ikkje finst i det heile. Forklaringa må vera at dei siste ikkje høver så godt lydleg. Tostavingsnamn på -a kan òg lagast spontant, særleg av verb, slik som Sparka, Sprella og Stanga. Typen er altså gjennomgåande i materialet og ikkje spesiell for kvinnenamn og geografiske namn.

Namn etter ein kjend person

I mange tilfelle (5 prosent) har kua fått namn etter ein person, dvs. ei slags oppkalling. Her finn vi mellom anna kjendisar frå tv, film, litteratur, sport og politikk, og personar frå kongehus, historie, mytologi og eventyr. Mellom dei vanlegaste er Diana, Nadia, Pippi, Indira, Golda, Fabiola, Maud, Kleopatra og Rødhette. Også mannspersonar kan bli oppkalla, men da må namnet anten lagast om til ein gangbar fonetisk type, t.d. Villokka av Willoch, eller det må ha ei form som høver i seg sjølv, t.d. Nikita og Maradona. Vi merkar atter tendensen til endingsvokal -a. Eit problem for seg er tilhøvet mellom oppkalling og generell bruk av personnamn. Namna Pippi og Alexis skriv seg nok i all hovudsak frå oppkalling, men namn som Rita og Sonja treng slett ikkje vera motiverte av noko personleg førebilete; dei er så allmenne at dei alt høyrer til standardforrådet av kunamn.

Andre motivgrupper

Resten av namna fordeler seg på mindre motivgrupper som datering (Fyrijul, Olsokka), reiskapar og varer (Krafsa, Lada), framandord (Saldo, Volum) og firma og organisasjonar (Agro, Bellona). Ein god slump er rett og slett uforklarlege. Som døma viser, skiftar preget i nokon mon frå tradisjonalisme til modernitet etter som vi går frå dei største til dei minste tydingsgruppene. Dei karakteriserande namna har alltid stått sterkt, medan personnamn har hatt eit oppsving i vårt hundreår. Mange stader tykte folk det var upassande å bruka personnamn på eit krøter, og det kan henda den aukande bruken no reflekterer eit meir avslappa syn i så måte. Geografiske namn har hatt stort rom iallfall sidan 1700-talet, som er den eldste tida vi har pålitelege oversyn frå.

Toledda kunamn

Eit slåande formelt trekk ved sida av a-endinga er bruken av toledda namn. Ja, mange vil nok meina at "skikkelege" kunamn skal ha to ledd. Dei klårt hyppigaste etterledda er -ros og -lin, og visse eldre undersøkingar tyder på at slik har det vori i lang tid. Vanlege ledd er og -sid og -god, og dessutan -ine, som er overført frå kvinnenamn. Normalt er det ikkje store ulikskapar geografisk i bruken av kunamn, men etterledda viser nokre slike skilnader. Leddet -prud finst berre i Buskerud, -reid står særleg sterkt på Vestlandet, og -ine har tyngdepunktet på Søraustlandet og i Rogaland. Etterledda er produktive den dag i dag, men nye samansetjingar har vondt for å hevda seg mot dei gamle. Alt i alt ser det ut til at toledda namn stod sterkare før, sjølv om talet på samansetjingar utan tvil har auka. Dei vanlegaste føreledda er allmenne, positive ord som Gull-, God-, Sølv-, Blid- og Lykke-.

Kven bestemmer namnet?

Ei undersøking syner at i vel 40 prosent av tilfella er det familien i fellesskap som bestemmer namnet. I 25 prosent av tilfella er det mannen åleine, og nesten like ofte kona åleine. Barna slepp sjeldnare til med det avgjerande ordet, men truleg er dei mykje aktive når namna blir fastsette i familieråd. Vi har ikkje svar på om tendensen i namnevalet skiftar med kven som bestemmer. Er til dømes kvinner meir tradisjonsbundne enn menn, menn meir kjendis- og hendingsretta enn kvinner, barn meir fantasifulle enn vaksne? Av og til synest dei moderne namna å botna i ein viss mannshumor, men det vil vera altfor vågalt å spekulera over slikt så lenge ein ikkje kjenner den konkrete situasjonen namna vart til i.

Namn etter faste system

Mange gjev namn etter faste system, og viktigast her er oppkalling av kyr. Dette forklarer noko av stabiliteten i den øvre halvdelen av kunamnlista. Elles er det vanleg å bruka lik førebokstav på kyr av same familie eller linje. Somme lagar sitt eige, private system. Ein av dei som svara, vekslar mellom teikneseriefigurar og mineral, ein annan tek personar frå napoleonskrigane, og ein tredje bruker kryddernamn.

Kua kan få namn når ho er kalv, når ho blir inseminert første gongen, eller når ho får første kalven. Namngjevinga fordeler seg nokolunde jamt på alle tre stadia, men det finst ikkje noko geografisk mønster i variasjonen. Det er elles eit interessant, men uløyst spørsmål om namnevalet tek farge av tidspunktet for namnegjevinga. Rimelegvis har somme av dei meste underfundige namna (Costapenga, Kuvadis, Nåtåhort o.fl.) vorti aktualiserte først på kvigestadiet. På den andre sida blir karakteriserande namn – til dømes for lynne eller oppførsel – stundom gjevne til spekalven som eit slags ønskenamn. Dei fleste namn av tradisjonell type kan sikkert gjevast uavhengig av livsstadium.

(Språknytt 2/1992)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter