Knud Knudsens framlegg om ei norsk språknemnd

Da eg i tiårsskriftet for Norsk språknemnd («Skriftspråk i utvikling» s. 11 ff.) gjorde greie for dei første tankar og framlegg om eit norsk organ for måldyrking og språkstyring, heldt eg meg til åra frå 1945 og fram til 1949, da planane fekk konkret form i framlegget frå det departementale utvalet.

AV ALF HELLEVIK

Heller ikkje var eg da klar over at det så tidleg som i 1881 vart gjort framlegg om ei språknemnd som rådgivande organ for styremaktene. Det er ikkje så overraskande at det er den utrøttande forkjemparen for ei planfast fornorsking, overlærar Knud Knudsen, som kjem med dette framlegget. I skriftet «Skolen og fremmedordene» (s. 40 ff.) tek han til orde for at skolen skal gjere ein aktiv innsats for å bremse på bruken av unødvendige framandord. Og likså vel som skolen påbyr ei viss rettskriving, bør den kunne forby bruken av «alle ikke uundværlige fremmedord». Når lærebøkene skal godkjennast, bør det og takast omsyn til «deres maalrenhet, saa ogsaa denne faar væsentlig vægt ved afgjørelsen af ja eller nej». Men her trengst det da «et slags 'Sprogkommitte' eller maalnævning, som vel maatte ha sit sæte i hovedstaden og være tilsat med nogle af dens gode maalkjendere».

Denne nemnda skulle ikkje berre sjå på framande «ord og ordlag, men og paa fremmede ordformer og fremmed ordfælling (syntax)», og i det heile ta seg av tung og uklar framstilling.

Ei slik nemnd ville òg kunne avhjelpe den vansken at det i lærebøkene blir brukt fleire ulike avløysarord for eitt tradisjonelt latin-gresk framandord. Særleg er det ille i «den norske maallære, der vi nok til dels har indtil 20 afløsere til et og samme gamle, latinske ord», noko som fører til at skolen held fram med å bruke det tradisjonelle og eintydige ordet. «End om den her foreslagne kommission gjennemgaar alle vore norske gram. og vedtar et sæt, som den finder bedst? Saa har vi jo enhet igjen, likesaa afsluttet som den gamle latinske.» Å skape einskap i terminologien -enten den no er framand eller heimleg – i norsk språklære er som kjent framleis ei aktuell arbeidsoppgåve, og som det går fram av Olav T. Beitos artikkel i Språknytt 1974, nr. 1, har ein komité som Norsk språknemnd sette ned i 1969, lagt mykje arbeid på å komme fram til ein klarare og meir einsarta terminologi, men enno er ikkje, som Beito skriv, det siste ordet sagt i dette emnet.

Norsk språknemnd og dei andre nordiske språknemndene har nyleg drøfta behovet for reformer i lovspråket (og i styringsmålet i det heile). Også Knud Knudsen ser her ei oppgåve for den «kommissionen» han føreslår: «Mon ikke nysnævnte kommission kunde gjøre tjeneste ogsaa her, naturligvis bare med raadgivende, ikke med afgjørende myndighet, idet hvert lovforslag maatte ha gaat igjennem den, før det blev tinget forelagt.» Dette er i realiteten det same som Norsk språknemnd føreslo i 1967, men som Justisdepartementet hadde så mange innvendingar mot av praktisk og teknisk art, at framlegget om fast konsultasjon vart venleg, men bestemt avvist (sjå Språk i Norden 1973, s. 51). Når det galdt sjølve stillinga til ei slik nemnd, er Knud Knudsen inne på synsmåtar som også seinare har vore drøfta i samband med Språknemnda og Språkrådet: «Sandsynligvis var det bedst, at kommissionen (nævningen) hadde en i vis forstand selvstændig stilling og altsaa egentlig likesaa litet var nogen stortingskommitte, som noget departementskontor, en stilling altsaa omtr. slik som den, universitetet indtar, idet man utbe(de)r sig dets uttalelse eller 'Betænkning' over spørsmaal, som vedrører snart lækekunst, snart lovkyndighet, snart skolesaker. Men i nærværende gjøremaal kunde univers. vistnok ikke brukes.» Blant anna er det for mykje bunde av «gammel vane eller nedarvet fordom». Har universitetet brøytt veg for den framgang som er gjort i skolen, spør han, eller «for en rimeligere og mere letlært retskrivning? Nej, den gamle surdejg har nok havt sit bedste tilhold og forsvar hos vore højlærde». Her taler Knudsen av eiga ill røynsle; i ettertida og ikkje minst i våre dagar har nok biletet blitt meir nyansert. Men for han var naturleg nok konklusjonen denne: Nemnda bør ha ei like fri stilling som universitetet, men universitetet aleine er ikkje skikka til å ta seg av desse oppgåvene. I det kan ein jo seie at ettertida har gitt han rett, i og med at både Språknemnda og seinare Språkrådet har fått ein langt breiare representasjon.

Knud Knudsens framlegg om ein norsk «sprogkommitte» («maalnævning») ser ikkje ut til å ha vekt serleg gjenklang i samtida. I artikkelsamlingane «Norsk Blandkorn» vender han nokre gonger tilbake til framlegget. Han forsvarer det mot kritiske røster (Norsk Blandkorn 1882, s. 227 ff.), eller refererer positiv omtale (Norsk Blandkorn II, 1883, s. 313), og kjem til slutt tilbake til tanken i Norsk Blandkorn III (1885, s. 175 f.), der han igjen drøfter ordforrådet i lese- og lærebøkene.

Det har i ettertida vore ein tendens hos enkelte til å avgrense Knud Knudsens språksyn og hans livslange arbeid til eit reformstrev med grunnlag i «det dannede talespro g» som nådde sitt mål med 1907-rettskrivinga. Mot slike tendensar vender D.A. Seip seg i sitt foredrag på årsmøtet i Bymålslaget i 1917; når dei konservative i språkstriden tek Knudsen til inntekt for sine meiningar, er det eit vitnemål om at dei «i virkeligheten ikke har tilegnet sig den gamle overlærers syn på vår språkutvikling». (Maal og Minne 1918, s. 58.) Også framlegget om «en sprogkommission eller maalnævning» er eit vitnemål om at Knud Knudsen i sitt språksyn til dels stod langt føre si tid. Det synet han hadde på språkplanlegging og språkstyring på heimleg grunnlag, møter nok i sjølve prinsippet større forståing i dag enn i samtida.

(Språknytt 2/1974)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2004 | Oppdatert:05.10.2015