Marknadstilpassa adressenamn på Tjuvholmen

Tjuvholmen – Biletet er henta frå Niels Torp Arkitekter.Enno før utbygginga av Tjuvholmen i Oslo har kome skikkeleg i gang, er dei fleste gate- og vegnamna i det nye bustadområdet fastsette av bydelen (Frogner). Det er bra å vera tidleg ute, men spørsmålet er om dei vedtekne namna språkleg og kulturhistorisk er gode nok. I Handbok for kommunal adressetildeling (Miljøverndepartementet 1986) er det lista opp ei rekkje krav til god namnsetjing:

Namna skal passa inn i eit samordna system for adressering, dei skal byggja på lokal namnetradisjon og lokal uttale, dei skal passa på staden, vera varierte, lette å skriva og uttala, samstundes som dei skal følgja gjeldande rettskriving. Vidare skal dei ikkje verka støytande eller komiske, og ein bør unngå å kalla opp nolevande personar. Namn på avlidne personar bør berre nyttast når det er særleg gode grunnar til det.

Frå eit namnefagleg synspunkt er det grunn til å kommentera namngjevinga på Tjuvholmen. M.a. er ikkje den lokale namnetradisjonen særleg godt utnytta, og det folkelege språkmiljøet som ligg til grunn for dei eldre stadnamna, er det heller ikkje teke vare på, så nær som hovudnamnet Tjuvholmen.

Tjuvholmen kunne ein ikkje koma utanom, men det ser faktisk ut som at dette namnet no har vorte heva opp og gjeve status i kraft av eigen originalitet. Så er det òg eit gammalt namn, nemnt fyrste gong i 1616. Opphavleg var det namn på ein holme som seinare vart gjort landfast. Utanfor låg det ein grunne, Tjuvholmgrunnen, som no sannsynlegvis vert fylt opp i samband med utbygginga. Av offisielle dokument går det fram at to tjuvar vart hengde på Tjuvholmen i 1730. Det har med andre ord vore ein offentleg rettarstad, slik tilfellet er fleire stader langs kysten med dette og liknande namn. Rettarstadene låg ofte på lett synlege stader langs ferdselsårene på sjø og land, slik at dei kunne tena til skrekk og åtvaring.

Tjuvholmen er som Vika og Pipervika eit godt uttrykk for den lokale, folkelege namnetradisjonen. Nye namn kunne byggja på dette primærnamnet, t.d. Tjuvholmgata eller -stretet (som er ei gammal nemning for gate i Oslo), Tjuvholmbrygga, Tjuvholmstranda eller berre Holmestranda (same føreleddet bør ikkje nyttast i meir enn to, høgst tre namn). Grunnegata kunne avspegla Tjuvholmgrunnen. Ein kunne òg laga namn i tilknyting til tidlegare verksemd på staden, t.d. Justisgata og Rettergangen. Og ein kunne leggja ord for fiske og sjøfart til grunn, som fisker, kutter, skute, skip, matros osv.

Men faktisk er det grunnlag for å gje namn etter jordbruksnæringa òg, noko som går fram av følgjande sitat frå Conradine B. Dunker: Gamle dage. Erindringer og Tidsbilleder. (1909), s. 399:

"Foruden Gaarden i Kongens Gade eiede Fru Krog Tyveholmen, og paa denne Eiendom holdt hun tre Kjøer; disse bleve hver Aften om Sommeren drevne ind til hennes Gaard for at malkes".

Dette tidsbiletet er henta frå slutten av 1700-talet, og på eit slikt historisk grunnlag kunne ein gjerne velja Kuholmen eller Kuguta som adressenamn på Tjuvholmen. Men det spørst om det ville få gjennomslag hjå utbyggjarane og politikarane i bydelen Frogner. Dersom ein vil ha ein person oppkalla, ville fru Krog vera eit godt alternativ. No har dei valt å kalla ein plass opp etter husbyggjaren Olav Selvåg (d. 2002), som nok har sett merke etter seg fleire stader i Oslo, men ikkje på Tjuvholmen.

Med Bolette Brygge (etter eit Fred. Olsen-skip) og Lille Stranden er det nok tenkt på sjønære tilhøve, men det som er typisk for desse namna og fleire av dei andre som no er vedtekne, er at dei avspeglar ein annan kultur og eit anna språk enn Tjuvholmen. For det fyrste er fleire av namna skrivne i to ord, noko som ikkje samsvarar med tradisjonell namngjeving, for det andre er hokjønnsformer av typen Stranda erstatta med felleskjønnsforma Stranden, noko som bryt med nabonamna Vika og Pipervika og den tradisjonelle dialekten.

Det vanlege i dei aller fleste nedarva stadnamna er fast samansetjing og bestemt form, altså Bolettebrygga, Lillestranda. Bak Bolette Brygge lurer statusprega namn av typen Aker Brygge. Stor bokstav i Brygge som etterledd er òg imot hovudregelen for skrivemåten av slike namn. Når det gjeld Tjuvholmen allé, er det på den eine sida gledeleg at namnet Tjuvholmen er vidareført, på den andre er det nesten litt komisk når desse to orda vert sette saman.

Ordet allé (av fransk aller ’gå’) er nytta som namn på nokre norske litt større og breie gater med trerekkjer, men vil neppe få tilstrekkeleg rom på Tjuvholmen.

Namnsetjinga på Tjuvholmen går inn i ein trend der språket vert nytta til å fremja marknadsinteresser og sosial status. Det vert tydelegvis oppfatta – av visse grupper – som gildare å ha allé, terrasse, promenade, chaussé i adressa enn gate, veg, gutu, brekke, kneik, li, eng og andre heimlege ord. Aker Brygge har vist veg, og Bolette Brygge er ei tydeleg forlenging av denne namnemodellen. Det er urovekkjande at politikarane ikkje er meir kritiske til denne utviklinga.


Botolv Helleland
botolv.helleland@iln.uio.no

(I Aftenposten Aften 31.05.05. sto ein forkorta utgåve av denne artikkelen.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2008 | Oppdatert:14.01.2021