Vanskelege val om verb

(27.10.10) Verb og verbbøying var hovudtema på sist møte i rettskrivingsnemnda. Nemnda føreslår at kløyvd infinitiv går ut av rettskrivinga, medan a- og e-infinitiv blir jamstelte, som i dag.

Fortidsforma av j-verb (t.d. valde, spurde) og e-verb (t.d. dømde, kjende, høyrde) var ei av dei store sakene på møtet. Mange av desse verba har i dag ei klammeform med -te, og nemnda måtte ta stilling til om dei skal ha to valfrie former i preteritum (fortid), eller om dei skal ha berre ei. Nemnda har førebels gått inn for å stramma inn, slik at dei fleste verba berre får ei form.

Rettskrivingsnemnda går inn for å lempa på reglane om samsvarbøying av partisipp, og meiner det bør vera valfritt i svake verb. Dermed må ein framleis skriva at ”dei er komne”, men ein kan velje mellom ”dei er kjende” eller ”dei er kjent”.

Også kjønn på substantiv på -ing/-ning var eit stort emne på møtet. Nemnda arbeidde med å koma fram til nokre retningslinjer for når desse orda er hankjønnsord, og når dei er hokjønnsord.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.10.2010 | Oppdatert:14.01.2021