Samla oversyn over vedtak frå rettskrivingsnemnda

(21.12.2010) Rettskrivingsnemnda har no vore gjennom dei delane av nynorsk rettskriving som det er tid til å vurdera innanfor tidsramma nemnda har fått. Samla oversyn over vedtak ligg på nettsida under referat.

På dei to siste møta har nemnda sett alle førebels vedtak i samanheng, og stort sett stadfesta tidlegare vedtak. Vi held såleis fast ved at både i-mål og kløyvd infinitiv skal takast ut or nynorskrettskrivinga. Likeins meiner vi at j-en skal vera valfri i verb som leggja og søkja, og i svake hokjønnsord som bryggje og enkje.

Skule, køyra, mykje, noko og berre blir eineformer, mens da/då, no/nå og so/så blir jamstelte.

Nemnda vil jamstella bøyingsmønstera auge – auget og auga – auga. Det blir valfritt å ha samsvarbøying i partisipp av svake verb (dei er dømt), men i sterke verb skal det framleis vera samsvarbøying (dei er tekne).

Nemnda har hatt som målsetjing å laga ei norm som er tilpassa nynorsken i dagens Noreg, og har bygd på dei formene som folk flest i dag bruker. Mellom anna har vi forenkla der reglane har vore kompliserte. Derfor er det fleire verb som no får valfri bøying, og derfor blir det no valfritt å bruka de og dykk som før, eller dykk både som subjekts- og objektsform. Likeins har vi gått inn for å forenkla bøyinga av substantiv i nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.12.2010 | Oppdatert:14.01.2021