Mellomnorsk

(ca. 1350 - ca. 1525)

Vi reknar med at den gammalnorske perioden varte til siste halvdel av 1300-talet. Da får Sverige og sidan Danmark ei meir dominerande stilling i Norden, og svensk og dansk språk vinn også terreng i Noreg. Norsk blir skriven i meir oppblanda form enn før, og det grammatiske systemet blir enklare; dette kallar vi gjerne mellomnorsk. Dette stadiet varte til litt etter 1500. I 1536 vart unionen med Danmark knytt heilt fast ved at den katolske kyrkja vart erstatta med ei luthersk statskyrkje. Dansk hadde da lenge dominert som skriftspråk, men no vart det heilt einerådande.

I talemålet skjer det ei parallell utvikling i dansk, svensk og norsk, i retning av ei sterk forenkling av grammatikken og ei endring av ordforrådet, som no tok opp mange tyske lånord. Islandsk og delvis færøysk heldt seg på eit meir konservativt stadium, og frå 1500 må dei reknast som heilt ulike språk som ikkje lenger vart skjøna i Skandinavia.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter