Lukas 2,1–20 (landsmål 1905)

[Frå Det nye Testamente og Salmarne. Det nye Testamente i ny, gjenomsedd Utgaava av den fyrste Landsmaals-Umsetjing, Salmarne umsette fraa Hebraisk. Kristiania: Det norske Bibelselskaps Forlag 1905. Side 85.]

Men det hende seg i dei Dagarne, at det gjekk ut eit Bodord fraa Keisar Augustus, at heile Heimen skulde verta innskriven til Skatt.

2. Dette var den fyrste Innskriving den Tid, Kvirinius var Landshovding i Syria.

3. Og alle gjekk til aa verta innskrivne, kvar til sin eigen By.

4. Men Josef gjekk og upp fraa Galilæa, fraa Byen Nasaret, til Judæa, til Davids By, som heiter Betlehem, avdi han var av Davids Hus og Ætt,

5. til aa verta innskriven med Maria, si Festarmøy, som var med Barn.

6. Men det hende seg, medan dei var der, daa vart Tidi fullkomi, at ho skulde føda;

7. og ho fødde sin Son, den fyrstefødde, og sveipte honom og lagde honom i ei Krubba; for der var ikkje Rom aat deim i Herbyrget.

8. Og der var Hyrdingar der i Grendi, som var ute paa Marki og heldt Vakt yver si Hjord um Natti.

9. Og sjaa, Herrens Engel stod hjaa deim, og Herrens Klaarleik lyste ikring deim, og dei vart storleg rædde.

10. Og Engelen sagde til deim: “Ver ikkje rædde! for sjaa, eg forknynner dykker ei stor Gleda, som skal timast alt Folket:

11. for i Dag er dykker ein Frelsar fødd, som er Kristus, Herren, i Davids By.

12. Og dette skal vera dykker til Teikn: de skal finna eit Barn sveipt, liggjande i ei Krubba.”

13. Og samstundes var det med Engelen ein himmelsk Herskare, som lovad Gud og sagde:

14. Æra vere Gud i det Høgste, og Fred paa Jordi, og Hugnad med Menneskjom!”

15. Og det hende seg, daa Englarne var farne ifraa deim til Himmels, sagde desse Hyrdingfolk til kvarandre: “Lat oss daa ganga til Betlehem og sjaa denne Ting, som hev hendt, og som Herren hev kunngjort oss!”

16. Og dei skundad seg og kom og fann Maria og Josef og Barnet, som laag i Krubba.

17. Men daa dei saag det, fortalde dei deim det Ord, som var talat til deim um dette Barnet.

18. Og alle dei, som høyrde det, undrad seg yver det som Hyrdingarne talad til deim.

19. Men  Maria gøymde alle desse Ord og grundad paa deim i sitt Hjarta,

20. Og Hyrdingarne vende um atter og prisad og lovad Gud fyr alt det, dei hadde høyrt og seet, so som det var talat til deim.

[...]

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:31.03.2014 | Oppdatert:14.01.2021