Norvagisering 1996

Kva ord blei norvagiserte i 1996?

Svar

Nedanfor er lista frå 1996.

Nokre ord har berre éi form, medan dei fleste kan skrivast anten på engelsk eller norsk. Nokre ord, som desennium, har vi ikkje fått direkte frå engelsk.

  • breikdans
  • desennium el. decennium
  • ensyklopedi el. encyklopedi (og nokre andre liknande ord)
  • enterteinar el. entertainer
  • fait, faite, faitar el. fight, fighte, fighter
  • feide, feiding, feidar el. fade, fading, fader
  • finisj el. finish
  • gaid, gaide el. guide
  • hedde, hedding el. heade, heading (i fotball)
  • hipp – hipt – hippe
  • innputt el. input
  • innsidar/innsider el. insider
  • insentiv el. incentiv
  • insest el. incest
  • insitament el. incitament
  • kapskapsenkaps(ar)/kaps(er)kapsane/kapsene
  • keitering el. catering
  • ketsjup el. ketchup
  • kikk el. kick
  • klinsj, klinsje el. clinch, clinche
  • konteinar/konteiner el. container
  • overhedd el. overhead el. overheadprojektor
  • pins – pinsen – pins(ar)/pins(er) – pinsane/pinsene
  • polisj el. polish
  • promosjon
  • pønk, pønkar/pønker el. punk, punker
  • rafte
  • rapp, rappe (musikk)
  • resetje/resette (dvs. nullstille)
  • seif el. safe (substantiv, adjektiv og adverb) seife el. safe (verb)
  • sjampanje el. champagne (fransk ord)
  • sjarter, sjartre el. charter, chartre
  • sjåk el. choke, sjåke el. choke
  • skript el. script
  • skup el. scoop
  • skvåsj el. squash
  • snaksy
  • streit el. straight (adjektiv), streite el. straighte (verb)
  • sørvis el. service
  • taime el. time (verb)
  • tilte
  • utputt el. output
  • utsidar/utsider el. outsider

I tillegg kjem at feedback og playback skal bøyast som vanlege hankjønnsord, ikkje med -s i fleirtal.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter