Ho er nordmann

Er det i dag korrekt å seie «ho er nordmann» (altså om kvinner)?

Svar

Nynorskordboka opplyser at nordmann tyder 'person frå Noreg'. Ut frå dette må det vere greitt å seie «ho er nordmann».

Ein kan ofte, men ikkje alltid, unngå problemet ved å bruke andre seiemåtar, som «ho er norsk».

Kvinner blir gjerne kalla nordmenn i både skrift og tale. Det kan verke rart når ein tenkjer etter, men samansetjingar er ikkje alltid lik summen av delane, og dessutan stammar denne samansetjinga frå ei tid då ordet mann var mindre kjønnsspesifikt.

Nordmann kan likevel kritiserast for å ikkje vere eit kjønnsnøytralt ord. Det har vore mange diskusjonar om ord som formann og stortingsmann i eit kjønnsperspektiv, men færre om nordmann, så vidt vi har registrert. I mange dialektar har det forresten heitt ein norske, på line med danske og svenske.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter