Grunngjeving

I spørsmål om talenorm må ein skilje mellom ei eventuell preskriptiv norm som blir fastlagd (eller 'normert') av eit offisielt organ, og ei eventuell operativ norm som fungerer normerande utan å vere offisiell. Det er slike operative normer som gjer det mogleg for medlemmene i eit språksamfunn å lære etter "naturmetoden" eit førstespråk (eller førstedialekt) og å utvikle ei kjensle for kva som er rett i det språket (eller den dialekten), utan å lære det gjennom undervisning eller lærebøker.

I Noreg finst det preskriptive talenormer som er basert på skriftspråka, for eksempel på teatra. I språkreglane for NRK avgrensar ein den preskriptive talenorma til læreboknormalen.

Det finst inga operativ norm som kan avgrensast presist, men på bokmålssida er det klart ein konvergens mot ei slik norm i "den danna daglegtalen" i dei større byane. Somme har dette talemålet som førstespråket sitt, andre normerer talen sin i retning av det i visse samanhengar. På nynorsksida er det vel neppe nokon som har eit førstespråk som brukaren sjølv reknar som nynorsk talenorm. Derimot er det ein del språkbrukarar som i mange samanhengar normerer talemålet sitt i retning av det nynorske skriftmålet.

Når sekretariatet i Språkrådet skal svare på spørsmål om norsk uttale, må svara vere avhengige av om spørjaren er ute etter preskriptiv eller deskriptiv informasjon. Dersom dét ikkje er klart, bør ein presisere skiljet i svaret. Det bør gjerast klart at det ikkje finst noka generell offisiell talenorm i Noreg som gir grunnlag for å karakterisere utbreidde talemålsformer som 'ukorrekte', og at dialektbruk generelt er akseptert i offentlege samanhengar her til lands. Norsk omfattar både standardmål, dialektar, idiolektar og normert talemål. Samtidig må svaret kunne orientere både om eigenskapar ved den operative norma som ligg under tilløpa til standardtalemål i byane, og om normeringstendensar i retning av skriftspråka – dersom det er slik informasjon spørjaren er på jakt etter. Ein må også kunne orientere om sosiale motsetningar og kulturmotsetningar som finst i språksamfunnet om dette spørsmålet.

(Vedteke på årsmøtet i Norsk språkråd 1. februar 2001)

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.06.2004 | Oppdatert:13.01.2021