Seminar i Bergen 1. november: Ut med språket!

(4.10.12) 1. november blir det arrangert seminar om forskingsformidling på norsk: Korleis nå ut med dei gode tekstane og drive god formidling på godt norsk? 

Tid: torsdag 1. november
Stad: Egget, Studentsenteret, Parkveien 1 i Bergen
Servering: lunsj, kaffi og te
Påmelding: Send påmeldinga til hilde.ostby@nffo.no innan 22. oktober. Merk e-posten «Ut med språket».

Seminaret er gratis.

  
 

Program torsdag 1. november

10.00

Velkomen!
Nina Teigland, Språkrådet

10.15–10.45

Å nå ut med kunnskapen
Øyvind Vågnes, førstelektor ved institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og skjønnlitterær forfattar

10.45-11.15

Godt fag på godt norsk
Agnar Sandmo, professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole

11.15–11.45

Å finne si stemme
Marit Eikemo, forfattar og leiar for Litteratursymposiet i Odda

11.45–12.15

Å nå ut på nett
Ida Jackson, forfattar, bloggar og nettansvarleg for Store norske leksikon

12.15–12.45 Lunsj

12.45–13.15

Frå fakta til forteljing
Alfred Fidjestøl, journalist, filosof og forfattar

13.15–13.45

På den andre sida av teksten
Bente Riise, sakprosaredaktør, tidsskriftredaktør og leiar i Norsk Tidsskriftforening

13.45–14.00

Pause

14.00–14.45

Formidlingsarbeid som kunnskapsutvikling
Anders Johansen, professor i sakprosa ved Universitetet i Bergen

 

Om føredragshaldarane:

Øyvind Vågnes er førstelektor ved institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han er òg skjønnlitterær forfattar og gav i 2010 ut romanen Sekundet før. 

Ida Jackson er nettansvarleg i Store norske leksikon på nett. Ho er bloggar og har skrive fleire bøker, mellom anna Sosiale medier. Hvordan ta over verden uten å gå ut av huset.

Agnar Sandmo er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole. Han er ein internasjonalt kjent forskar og har publisert ei lang rekkje vitskapelege arbeid. Dei siste åra har forskinga hans vore konsentrert om offentleg økonomi og miljøøkonomi. I 2006 gav han ut Samfunnsøkonomi. En idéhistorie.

Marit Eikemo er forfattar og skriv både skjønnlitteratur og sakprosa. I fjor gav ho ut romanen Samtale ventar. Ho var tidlegare journalist og redaktør for Syn og Segn, og er no leiar for Litteratursymposiet i Odda.

Alfred Fidjestøl er filosof, journalist og forfattar. Den siste utgjevinga hans er Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle.

Bente Riise er leiar i Norsk Tidsskriftforening, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn og forlagsredaktør for sakprosa i Samlaget.

Anders Johansen er professor i sakprosa ved Universitetet i Bergen. Han har skrive fleire bøker om retorikk og skriveprosess, mellom anna Virksomme ord. Politiske taler 1814–2005 (med Jens E. Kjeldsen), Samtalens tynne tråd. Skriveerfaringer og Talerens troverdighet. Tekniske og kulturelle betingelser for politisk retorikk.

***

Ut med språket! blir arrangert for å inspirere unge forskarar til å skrive gode fagtekstar på norsk, til å skrive for eit stort publikum og for å gje praktisk kunnskap om korleis nå ut med språket!

Ut med språket! er eit samarbeid mellom Universitetsforlaget, Norsk Tidsskriftforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) og Språkrådet.


Seminar i Oslo
Ut med språket! blir også arrangert i Oslo 25. oktober. Det overordna temaet er det same som i Bergen, men det er litt andre føredragshaldarar.

     

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter