Rafting

Norsk eller engelsk?

Det engelske ordet raft kan vera både eit verb som tyder ’å transportera på flåte’ og ’å fløyta (tømmer)’, og eit substantiv som tyder ’ein flåte’.

Til verbet to raft er det danna eit substantiv rafting, som me har lånt frå engelsk. Det tyder ’flåteritt på elvar’, og eit tilsvarande verb å rafta finst òg i norsk.

Men i vikingtida lånte engelskmennene substantivet raft frå norrønt, så opphavet er altså norsk. I Norrøn ordbok finn ein skrivemåtane raftr og raptr, og ordet tydde ’ein stokk’ eller ’ein raft’. Ein raft er det same som ein takbjelke, og at folk i gamledagar bygde flåtar og hus av tømmerstokkar, veit me jo. 

 

Publisert 17. august 2009    

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter