Ossetisk

Om ossetisk

Ossetisk er det berre om lag 700 000 som talar, og dei som gjer det, høyrer heime i  Kaukasus og talar som regel ein av dei to hovuddialektane digor eller vestossetisk (mindretalet) eller iron eller austossetisk (fleirtalet). Ordet iron tyder også både ’ein ossetar’ og ’ossetisk’. Landet dei bur i, heiter Iriston.

Dialektnemninga iron minner mykje om landsnamnet Iran, og det skal vera eit historisk samband mellom dei to orda, for både ossetisk og persisk er iranske språk. Dei iranske språka deler ein inn i nordvestiranske, sørvestiranske, nordaustiranske og søraustiranske. Ossetisk er eit nordaustiransk språk, jamvel om det er eit av dei iranske måla som høyrer heime lengst vest. Ossetisk er sterkt påverka av dei kaukasiske språka, t.d. georgisk, som det ikkje er i slekt med. Det viktigaste nordaustiranske språket er pashto, det eine av dei to hovudspråka i Afghanistan. Det andre er dari, som er så å seia det same målet som persisk, som er eit sørvestiransk språk.

Både norsk og ossetisk er indoeuropeisk språk, men openberre døme på slektskapen mellom dei er ikkje mange. Her er nokre: ossetisk arm-arm-i tyder ’frå arm til arm’, dvs. ’frå hand til hand’, dwar tyder ’ei dør’, og dænd-ag tyder ’ei tann’.

Ossetisk er etterkommar etter språket til skytarane, alanarane og sarmatarane, som var mektige iranske nomadefolk nord for Kaukasus alt fleire hundreår før Kristus.  

Den eldste kjende teksten på ossetisk er frå 941 e.Kr. og er skriven med greske bokstavar. 

Frå 1844 til 1923 skreiv dei ossetisk med det russiske (kyrilliske) alfabetet.

Frå 1923 til 1938 skreiv dei ossetisk med det latinske alfabetet.

Etter 1938 har dei skrivi ossetisk i Nord-Ossetia med det russiske alfabetet.

Mellom 1939 og 1954 skreiv dei ossetisk i Sør-Ossetia med det georgiske alfabetet.

Etter 1954 har dei skrivi ossetisk i Sør-Ossetia med det russiske alfabetet.

Bokstaven æ er eit særkjenne for norsk, dansk, islandsk, færøysk – og ossetisk. Når bokstaven æ står saman med kyrilliske bokstavar, ser det veldig framandt ut.

Her er eit vers frå juleevangeliet på ossetisk og nynorsk (Lukas 2,15):

Зæдтæ сæ цурæй уæларвмæ куы сивгъуыдтой, уæд фыййæуттæ кæрæдзийæн загътой: «Уæдæ фæ­цæуæм Вифлееммæ æмæ фенæм, цы æрцыди — Хуыцау нын цæй тыххæй фехъусын кодта, уый.»

Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.»

 

Publisert 15. september 2008

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter