Leserspørsmål

No image

Spørsmål: Bør ikke kallenavnet på demonstrantene i Frankrike, «De gule vestene», skrives med stor forbokstav? En bevegelse trenger vel ikke å ha en ledelse og en organisasjonsstruktur for å ha stor forbokstav? Dessuten betyr jo navnet noe annet enn «gule vester» i bokstavelig forstand.

Svar: Jo, det er nok nettopp en organisasjon som må til for at en bevegelse skal bli omtalt med stor forbokstav. Inntil videre bør vi skrive «de gule vestene» eller «gulvestene».

Organisasjoner har vedtatte navn og stor forbokstav, mens løsere bevegelser eller grupper snarere har kallenavn eller betegnelser med liten forbokstav.

Det har ingenting å si om betegnelsen er metaforisk eller (som i dette tilfellet) metonymisk.

Noen litt haltende paralleller fra fransk historie er sanskulottene, jakobinerne og kommunardene. Drar vi til Thailand, finner vi rødskjortene og gulskjortene.

Dersom bevegelsen stifter en vedtaksfør organisasjon med navnet «De gule vestene», og organisasjonen utvikler seg i en annen retning enn bevegelsen som helhet, kan vi i prinsippet få et språklig skille mellom «De gule vestene» og den større bevegelsen «de gule vestene».

***

Spørsmål: Den 26. mars opna statsministeren Noregs fyrste e-sporthus. Det var same dagen som det norske e-fotballandslaget tok imot svenskane på Ullevaal stadion. Er det rett å skrive desse e-orda med liten e og bindestrek?

Svar: Det stadig meir aktuelle ordet e-sport er godt forklart og rett stava både i Store norske leksikon og på Wikipedia.

Ord som startar med forkortinga e- for ‘elektronisk’, skal altså skrivast med bindestrek. Når ein set eit slikt ord saman med endå eit ord, bør ein la bindestreken stå – heilt i ro! Det heiter såleis e-sporthus og ikkje «esport-hus», som det står på nettsidene til regjeringa og andre stader.

Prinsippet er det same som for e-post og e-postadresse.

Rett som det er, ser ein skrivemåten «eFotballandslaget» (t.d. på nettsidene til TV 2). Her er det tre feil. For det fyrste manglar bindestreken, for det andre er det brukt stor «forbokstav» i noko som ikkje er eit særnamn, og for det tredje er ikkje den store «forbokstaven» forbokstav, men bokstav nummer to. Eit ord som er (feil)skrive med stor bokstav inni ordet, kallar vi pukkelord på grunn av den dromedarliknande profilen.

I staten er det framleis mykje vakling mellom puklar og bindestrekar. Vi finn alt frå det tvilsame «eInnsyn» til det eksemplariske «Direktoratet for e-helse».

Rettskrivinga er heldigvis enkel og grei: Ingen ord har pukkel, og alle e-ord har bindestrek.

***

Spørsmål: Kva heiter bloduttredning/bloduttredelse på nynorsk, og kva tyder det, eigentleg?

Svar: Bloduttredelse er det at blod «trer» (altså går) ut i vevet og kanskje blir synleg, som blåmerke. Det «trer» altså ikkje heilt ut! Nynorsk brukar sjeldan å tre, og å trø blir ikkje nytta i overført tyding. Ein må difor vurdera samanhengen og til dømes skilja mellom dei overlappande fenomena blåmerke på leggen og bløding i leggmuskelen. Ordet blåmerke kan godt brukast meir der ein ikkje treng presisering (jf. engelsk bruising).

Før nytta ein òg uttrykket underløpet blod i bokmål, og å vera blodunderløpet. Adjektivet blodlaupen har funnest i nynorsk, men har vore lite brukt.

Det er ikkje det at nynorsken og norske dialektar manglar ord for fenomenet, men orda verkar nok for direkte og sterke på mange moderne språkbrukarar. Tradisjonelt heiter det mellom anna blodmelte og daudblod. Blodmelta er òg eit verb (t.d. å blodmelta seg). I nyare tid har blodmelte vore nytta dialektalt i Hordaland, og daudblod i nokre fleire fylke (uttalt /dauablo/ o.a. og fleire stader brukt om blodblemmer).

Dersom ikkje noko av det nemnde høver, kan det kanskje vera freistande å skriva hematom eller noko anna lærd og flott. Men det er gresk for dei fleste. Bløding under huda er meir lesarvenleg (merk at indre bløding er eit vidare omgrep).

Ei åtvaring til slutt: Somme mistyder bokmålsordet, sløyfar ein -t- (*blodutredning) og omset til *blodutreiing. Det er heilt meiningslaust.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter