Du spør – vi svarer

Redaksjonen tar gjerne mot brev fra leserne. Det kan være kommentarer til artiklene og emner i bladet, interessante ord og uttrykk en har kommet over, nyord, språkspørsmål eller annet. Adressen er: Språknytt, Norsk språkråd, Postboks 8107 Dep, 0032 OSLO.

Spørsmål: Vi har ein diskusjon på jobben om korleis ein uttalar namnet på béarnaisesausen. Kan de hjelpa?

Svar: For det første skal namnet på denne sausen skrivast bearnés på norsk. Denne skrivemåten skal nettopp hjelpa oss å uttala ordet i eit visst samsvar med den franske uttala – men med våre lydar. Trykket ligg altså på den siste stavinga, og ein skal uttala s-en.

Den uttala som ligg nærast den franske, er be-arnés, for opphavet til sausenemninga er det sørfranske landskapsnamnet Béarn, som har to stavingar. Den vanlegaste uttalen i Noreg er nok ikkje bearnés med tre stavingar, men bærnés med berre to.

Ein grei hugseregel for uttala er at bearnés rimar på majones, og grunnen er at båe orda opphavleg var franske adjektiv i hokjønnsform: béarnaise og mayonnaise. Dei er avleidde av stadnamna Béarn, og Mahon, ein liten by på øya Menorca. Grunnen til at desse franske adjektiva har hokjønnsform, er at dei opphavleg stod til eit fransk substantiv som var av hokjønn, nemleg sauce, som tyder 'saus', t.d. sauce béarnaise, dvs. ’béarnsk saus’. Hadde ordet sauce vori eit hankjønnsord på fransk, ville ein ha skrivi desse adjektiva béarnais og mayonnais, og den franske uttala hadde vori bearné og majonné.

Mange nordmenn seier nok bærné – sjølv om dei seier majonés. Grunnen til at folk uttalar ordet urett, er nok at dei har det for seg at ein på fransk ikkje uttalar bokstavar som står i enden av ordet. Ofte er det slik, men i dette tilfellet står ein e til slutt i ordet, og da skal s-en framom uttalast.

Vi har òg andre slike mistydde uttalemåtar av franske ord. Mange nordmenn uttalar ordet entrecôte som angtrekå, og grunnen er den same. Men heller ikkje her står konsonanten – altså t-en – til slutt i ordet, for det kjem ein e etter. Uttalen skal altså vere angtrekåt eller angtrekått.

Vi skriv framleis pommes frites som på fransk. Franskmennene uttalar ikkje alle desse bokstavane. Men mange nordmenn går enda lenger og seier påmm fri, ofte uttala som eitt ord: påmmfri, der franskmennene seier påmm fritt. For å freista å uttala dette franske ordet korrekt, uttalar altså mange nordmenn det gali.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter