Næringslivet vil bli tydelegare

No image

– Vi som arbeider med kommunikasjon, kjem ofte i konflikt med fagfolka når vi skal få dei til å forenkle språket i formidlinga av kunnskapen sin, seier kommunikasjonsdirektør Jan Erik Fåne i Finans Norge.

AV BJØRG NESJE NYBØ

I 2013 kom den svenske søsterorganisasjonen til Finans Norge, Svensk Försäkring, med rapporten Nöjda og trygga kunder – konsumentinformation innom försäkring. Her spør dei mellom anna: Kvifor forstår forbrukarane så lite av den informasjonen dei får om pensjon? Kva kan gjerast for å gjere språket enklare? Det som kom fram i rapporten, inspirerte Finans Norge til å ta tak i språkbruken sin i skriftleg materiale. Dei ville setje i gang eit klarspråksprosjekt.

Starten på det heile

«Klart språk i staten» var eit prosjekt i statleg regi som blei sett i gang i 2008. Sidan den tid har ei rekkje statlege etatar arbeidd med å gjere den skriftlege språkbruken sin klarare og lettare å forstå. Prosjektet blei avslutta i 2012, men arbeidet held fram i dei ulike etatane – og nye kjem også til. No er også kommunane i gang med eigne prosjekt (sjå Språknytt 4/2014).

Ryktet om dette klarspråksprosjektet har spreidd seg til det private næringslivet, og Språkrådet har fått fleire spørsmål om å hjelpe til med liknande prosjekt der. Det er vi glade for! Det private næringslivet kan ikkje bli pålagt å gjere noko med språket sitt, slik statsorgan kan. Når Språkrådet no ser at det er interesse for slikt arbeid også her, hjelper vi meir enn gjerne med å komme i gang. I første omgang er det arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar som har vist interesse, og det kan nok vere ein grei stad å starte. Desse organisasjonane kan inspirere dei einskilde bransjane og skape ei forståing for at dette er eit viktig arbeid.

Kvifor er dette arbeidet viktig? For offentlege verksemder er mellom anna det demokratiske argumentet viktig: Alle har rett til å forstå offentleg informasjon som vedkjem ein sjølv. I næringslivet vil det nok vere viktigare å vise kva økonomisk nytte ein kan ha av å skrive meir forståeleg. Kanskje kan eit klart og tydeleg språk også fungere som eit konkurransefortrinn.

Finans Norge-prosjektet

Finans Norge tok kontakt med Språkrådet i 2014 for å få hjelp til å setje i gang eit klarspråksprosjekt for medlemmene sine. Finans Norge er hovudorganisasjon for finansnæringa i Noreg og representerer meir enn 200 finansbedrifter, særleg innan bank og forsikring.

– Språk er spesielt viktig for oss fordi finansnæringa grip veldig mykje inn i kvardagen til folk. Alle er jo i kontakt med forsikringsselskap og bankar, og det nye norske pensjonssystemet vil påverke mange, seier Jan Erik Fåne.

Etter omlegginga av det norske pensjonssystemet har det blitt meir komplisert å setje seg inn i pensjonsspørsmål fordi ein no har fleire val enn tidlegare. Difor treng ein både kunnskap om og oversyn over pensjonsrettar og -behov for å kunne vurdere om ein treng eiga pensjonssparing. Finans Norge vil difor setje i gang eit klarspråksprosjekt for området livs- og pensjonsforsikring. På sikt ønskjer dei å utvide prosjektet til også å omfatte bank og forsikring.

Prosjektplanen er klar, og arbeidet skal alt vere i gang når dette kjem på trykk. Først skal prosjektgruppa samle inn representative tekstar dei kan nytte som utgangspunkt. Deretter skal språkkonsulentar gå gjennom tekstane og vise korleis dei kan bli betre med omsyn til språk og struktur, slik at dei blir lettare å forstå for målgruppa. Arbeidet med tekstane vil så bli brukt til å utvikle ei såkalla klarspråksnorm, ei rettleiing i korleis ein kan gjere språket klarare. Språkrådet har vore med frå starten og vil også fungere som rådgjevar i det vidare arbeidet. Frå Språkrådet si side er håpet å kunne nytte dette prosjektet som ein mal for andre framtidige klarspråksprosjekt i næringslivet.

Finans Norge meiner prosjektet deira vil ha stor nytteverdi for samfunnet generelt og for den einskilde forbrukar spesielt. Fåne ser heller ikkje vekk frå ein økonomisk gevinst for medlemsbedriftene. Som det står i prosjektplanen deira, viss dei «lykkes med å gjøre det enklere for forbrukerne å identifisere og dekke sine forsikringsbehov, vil det ventelig føre til reduserte kostnader blant annet til kundesenter og kundeoppfølging».

-- Bjørg Nesje Nybø er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter