Nyord

Det vert laga nyord heile tida, og det er ikkje grenser for kor mange nye ord vi kan få i språket vårt. Nokre nyord er døgnfluger, medan andre vil slå rot og kanskje kome i ordbøkene. Fenomenet vert ofte kalla neologisme på fagspråket. På denne sida finn du meir informasjon om nyord.

Det er vi som språkbrukarar som lagar nyord. Ungdom lagar nyord i sjargongspråket sitt, journalistar lagar nyord som skal fengje, fagfolk må lage nyord for ny teknologi og nye oppdagingar osb. Om nyorda slår rot i språket, er avhengig av om vi som språkbrukarar tek dei i bruk.

Nyord vert ofte danna ved samansetjingar av eksisterande ord. Andre nyord vert danna av avleiingar, forkortingar osb. Ein god del nyord kjem frå andre språk, anten som omsetjingslån eller direkte lån. Dei kan også vere tilpassa norsk uttale. Mange ord endrar også tyding, t.d. metaforar.

I boka Nyord i norsk kan du lese om nyorda som kom inn i språket vårt i perioden 1975–2005.

Språknytt samlar nokre nyord i ei fast spalte i kvar utgåve. 

Språkrådet kårar årets ord i samarbeid med Noregs handelshøgskole. Du finn ei oversikt over kåringane til høgre på denne sida.

Du finn også meir stoff om nyord i lenkjene under:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter