Språklege rettar som gjeld bruken av norsk

Juridiske rettar som gjeld norsk, kan grovt delast inn i: retten til å bruke målformene bokmål og nynorsk og retten til å bruke norsk i kontakt med styresmakter i andre nordiske land.

  • Reglane for bruk av nynorsk og bokmål i det offentlege finn du i mållova.
  • Reglane for bruk av nynorsk og bokmål i skulen finn du i opplæringslova.
  • Reglane for bruk av norsk i kontakt med styresmaktene i eit anna nordisk land finn du i Den nordiske språkkonvensjonen.

Lov om målbruk i offentleg teneste (mållova)

Mållova gjev detaljerte føringar for korleis bokmål og nynorsk skal brukast i staten, og overordna føringar for bruken av bokmål og nynorsk i kommunar og fylkeskommunar. Dette er hovudprinsippa i lova:

  1. Begge målformene skal vere synlege i skriftlege publikasjonar på nett og papir.
  2. Privatpersonar som vender seg til staten, har rett til å få svar i si eiga målform.

Dersom du opplever brot på mållova, kan du klage til Språkrådet.


Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Opplæringslova gjev føringar for bruken av nynorsk og bokmål både i grunnopplæringa og den vidaregåande skulen. Reglane regulerer mellom anna retten til å få læremiddel på eiga målform.

I saker som gjeld brot på opplæringslova, er det fylkesmannen ein skal klage til.


Den nordiske språkkonvensjonen

Den nordiske språkkonvensjonen slår fast at du har rett til å bruke morsmålet ditt i kontakt med styresmaktene i eit anna nordisk land. Det inneber at du som norskspråkleg har rett til å vende deg til styresmaktene i Danmark, Finland, Island og Sverige på norsk.

Du har rett til tolking både ved personleg kontakt og ved omsetjing av skriftlege dokument. Fyrst og fremst gjeld konvensjonen ved kontakt med sosial- og helsevesenet, skulen, arbeidsformidlinga, likningskontoret eller politiet. Kvart nordisk land har ein instans som skal følgje gjennomføringa av språkkonvensjonen. I Noreg er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som har dette ansvaret.

 

Sist oppdatert: 26. mars 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter