Årets nynorskkommune

I samarbeid med Språkrådet kårar Kulturdepartementet kvart år årets beste nynorskkommune. Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform, og vinnaren får 100 000 kroner.

Kven kan søkje om prisen?

Kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under, kan søkje:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i kommunikasjonsarbeid. Dette kan til dømes vere heimesider, digitale tenester, skriftleg informasjon til innbyggjarane og marknadsføring av kommunen
  • eigne retningslinjer for nynorskbruk i kommunen
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter